FLYTTA TIL FREDAG 30. MARS: Skitur Årdal-Nes

Fellestur

Dato
30. mars kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

NB! Pga dårlege vermeldingar vert turen flytta til langfredag 30. mars. Påmelding til turleiar seinast skjærtorsdag kl 18.

Denne klassiske skituren går frå Årdal i Jølster til Nes øvst i Naustdal. Dette er fin vårskitur i hjartet av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, i fjellheimen mellom dei to kommunane. 

Dette er ein grei dagstur på 7-9 timar og ca 30 kilometer med litt under 600 høgdemeter stigning.

Vi startar frå Erikstad i Årdal, der vi går inn dalen til Legestøylen, ca 4 kilometer med fin oppvarming. Deretter får vi så all stigninga på turen på ein gang - opp til Stegsvatnet (782 m.oh.). Her er det nok lurt å bruke skifellar. Dette er den tyngste delen av turen. Men når vi er komne opp på Stegsvatnet er det berre og peile seg inn på hyttene i Kupa, nyte turen og tenkje at no har vi ca to mil med lett terreng og slakke og fine unnakøyringar framfor oss.

Vel framme ved Longevasshytta tar vi en lang god matpause, før turen held fram vestover Langevatna. Her får vi nokre fine renn ned mot Fosselva. I år er det godt med snø og sikre isforhold på Vonavatnet, så det er lett å følge løypa over vatnet og fram til Røde Kors-hytta og ned til Nes. 

Hugs solbriller, solkrem rikeleg med mat og drikke.  

For å dekke kostnaden med bussen vert det kravd inn ei turavgift: Medlemar: kr 150,- og born (under 16 år) kr 100,-. Ikkje-medlemar kr 200,- og born (under 16 år) kr 150,-.

Buss frå Nes i Naustdal kl. 07.00 og Førde kl. 08.00. Etter turen ca kl.18 køyrer bussen tilbake til Årdal i Jølster.

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Arne Hjellbrekke
  • Tlf. 958 27 976