Trugetur til Fauskevarden

Fellestur

Dato
18. februar kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Har du lyst til å oppleve den flotte utsikta frå Fauskevarden (853 moh) i februarsol? I så fall kan du verte med oss på trugetur søndag 18. februar. Dette er ein middels lett trugetur i eit av Førdes mest populære turområde, med utsikt vestover fjorden og mot Storhesten og Heilebergmassivet/Blegja.

Samkøyring i privatbilar frå Esso i Førde kl 10.00. Parkering og avgang frå Nordheiatunnelen (ca 450 moh) kl 10.15. Dette er ingen lang tur, men kor lang tid vi brukar kjem an på snøforholda, men det vert lagt opp til eit normalt, roleg turtempo. Hugs varme klede då det er meldt minusgrader og kan vere vind på toppen. Ta og med niste.

For dei som ikkje har truger er det høve til å långe truger av turlaget. Ta i så fall kontakt med turleiar Anita Rennestraum eit par dagar i førevegen.

Kontaktinformasjon:

  • Anita Rennestraum
  • Tlf. 932 01 688