Kom deg ut dagen - Barnas Turlag

Arrangement

Dato
3. september 2017 kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Kom deg ut-dagen vert markert med fleire turar/arrangement i regi av BT-laga i Indre Sunnfjord Turlag søndag 3. september (i Naustdal 10. september):

  • Førde: Vi ønsker små og store velkommen til kom deg ut dag ved Hunsrasta førstkommende søndag. Avgang fra p-plassen kl 1130. 

    På Hunsrasta blir det ulike aktiviteter som padling i kano, fiske, evt bading, balanseline, lage mat på bål med mer. 
    Mer info kommer mot slutten av uka. 
    Vel møtt! 

  • Fjaler: På søndag er det  postvegtrimmen i regi av svint IL. Barnas Turlag tar den korteste løypa. Oppmøte på skor/sveien kl 10.30 for dei som vil vere med.
  • Jølster: Kl 11 går vi til Hamnanova. Dette er ein super tur å gå for små og store. Turen går frå grustaket i Dvergsdalsdalen. Det er godt skilta og merka, sidan dette også er ein av årets fjelltrimpostar. Det er god sti, men det kan vere noko gjørmete nokre plassar. Turen opp tar omlag 1 time, og på toppen kan vi nyte flott utsikt over Jølster.  Turboreven er sjølvsagt klar til tur.
  • Naustdal: Vonavatnet kl 11 og utover: Orientering, mat frå bålpanne, turtipp. NB! Arrangementet i Naustdal vert halde 10. september.
  • Askvoll: HFellestur til Atløy, med aktivitet ved Herlandsvatnet. Avgang med ferja kl. 10.50 frå Askvoll i privatbilar. Vi køyrer til Høyvika, og vidare utover. Parkering ved turskilt til Hovden. Kort tur ned til gapahuken ved Herlandsvatnet. Samarbeid med Atløy 4 H. Ein kan fiske, padle kano, grille, sosialt og eigen aktivitet. Fjelltur? Ta ein tur via Hovden, før ein kjem ned til vatnet. Ta med varme klede, mat, drikke og godt humør.

Følg med på Facebook-sidene til ditt Barnas Turlag. Der finn du oppdatert informasjon.