Avlyst - Langs veglause grender - Ortnevik-Sylvarnes/Vollevik

Fellestur

Dato
5. mai kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Dette arrangementet er over!

Vi må desverre avlyse den oppsette turen "Langs dei veglause grender". Vi beklager dette så mykje.

Fottur langs veglause grender i Sogn. Turen startar i Ortnevik på Høyanger sørside og går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Sylvarnes i Vik kommune. Lengd ca 10 kilometer. Dette er ein middels lett tur, men du må vere i stand til og motivert for å gå ein minst fem timar lang tur i roleg tempo.

Vi vil stoppe ved nokre av dei ni bruka vi er innom. Dei fleste bruka er nedlagde, men mange av husa og tuna er godt vedlikehaldne. Berre på Sylvarnes er det fastbuande. Dette er såleis ei kulturhistorisk vandring langs veglause grender. Dette er elles ein flott tur i storslått natur.

Tilbake tek vi rutebåten frå Sylvarnes til Ortnevik. Retur via Vik er mogeleg då vi er framme så tidleg at vi også rekk austgåande avgang. Vel du dette alternativet framfor å sitje i solveggen ved turisthytta på Sylvarnes får du også med deg ein flott båttur endå lenger innover Sognefjorden.

Ingen turavgift, men deltakarane betalar sjølve transport og billettar på buss, båt og ferje. Vi kjem attende til pris på bussbilletten.

Turen går i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. 

Påmelding til knut Strømmen tlf 913 49 383

Vi køyrer i privatbilar til Nordeide  avgang fra Nordeide kl 07:30 , der det er sett opp buss til Ortnevik, via Lavik-Oppedal. Det er sjølvsagt høve til å køyre med eigen bil uavhengig av fellestransporten.

Ferjeavgang kl 08.30 frå Lavik. Avgang frå Ortnevik kyrkje kl 10.00.

Tilbake i Ortnevik søndag kveld tek vi båten over Sognefjorden til Nordeide, der bilane står parkert. Rutebåten frå Ortnevik til Noreide har plass til nokre få privatbilar, men då må du sjølv reservere på førehand direkte til båten.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Knut Furu Strømmen