Jostedalsbreen på langs

Fellestur

Fra dato
14. mai kl. 17:00
Til dato
17. mai
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

JOSTEN PÅ LANGS :14-17.05 2021

Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. Jostedalsbreen på langs, frå Jostedalen til Fjærland, er ein tre dagars tur på ski. Vi går på Noreg sitt tak med utsikt som kan ta pusten frå dei fleste. Ein tung og krevjande tur som garantert vil gje deg minner for livet. 

Fredag kl 17 startar vi med busstur frå Øygard i Fjærland til Jostedalen  Første overnatting i telt er planlagt   ved Fåbergstølen.  Om vèir og forholda ligger til rette går vi opp langs Fåbergsstølsbreen til breplatået, ca 1500 moh, fredag kveld.

Lørdag går vi opp langs Fåbergstølsbreen og vidare under Brenibba. Om vêr og føre tillèt det, kan det bli topptur på Brenibba (2018 moh), samt kveldstur frå teltleiren til toppen av Kjenndalskruna.   

  

Søndag set vi kursen mot Høgste Breakulen (1957 moh.) Derifrå forbi Kvitekoll til Ramnane (1844 moh.) og Bings gryte der vi overnattar

.Mandag 17 mai går vi mot Supphellenipa (1731 moh.) med høve for ny topptur. Deretter nedover Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta. Siste etappe på turen i bratt terreng ned til Øygard, der turen starta.  

Ellers kan turen, dagsetappane bli endra underveis, alt etter veir og vind.

 

Turlager syter for nødvendig sikringsutstyr. Dette blir fordelt på den enkelte turdeltakar før start.

Dette er ein tung tur som krev god fysisk form


Påmelding  på nett sida her  innan 8/5 

DATO: 14-17. mai 

PRIS: Kr. 2000,- medlem/ kr. 2500 ikkje-medlem
bet.vil bli krevd inn etter 8/5
TURLEIAR/BREFØRAR: Kjell Kleiven/Vigdis Flaten Kvamme

                                                      Sissel Vedvik /Per Tore Meier

                                               

Jostedalsbreen på langs

JOSTEN PÅ LANGS :14-17.05 2021 Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. Jostedalsbreen på langs, frå ...