Langs veglause grender: Ortnevik-Sylvarnes

Fellestur

Dato
2. mai kl. 07:15
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Fotturen langs veglause grender i Sogn er etterkvart blitt ein tradisjonstur i Indre Sunnfjord Turlag. Turen startar i Ortnevik på Høyanger sørside og går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Sylvarnes i Vik kommune. Lengd ca 10 kilometer. Dette er ein middels lett tur, men du må vere i stand til og motivert for å gå ein minst fem timar lang tur i roleg tempo.

Vi vil stoppe ved nokre av dei ni gardane vi er innom. Dei fleste bruka er nedlagde, men mange av husa og tuna er godt vedlikehaldne. Berre på Sylvarnes er det fastbuande. Dette er såleis ei kulturhistorisk vandring langs veglause grender. Dette er elles ein flott tur i storslått natur. 

Tilbake tek vi rutebåten frå Sylvarnes til Ortnevik og Nordeide. Retur via Vik er mogeleg då vi er framme så tidleg at vi også rekk austgåande avgang. Vel du dette alternativet, framfor å sitje i solveggen ved turisthytta på Sylvarnes, får du også med deg ein flott båttur endå lenger innover Sognefjorden.

Ingen turavgift, men deltakarane betalar sjølve transport og billettar på båt og ferje.

Påmelding til Roy Raasholm Fauske på tlf 970 55 206 innan onsdag 28. april.

Samordna frå Esso i Førde klokka 0715. Ferjeavgang klokka 08.30 frå Lavik. Avgang frå Ortnevik kyrkje klokka 10.00.

Tilbake i Ortnevik hentar vi bilane våre og køyrer heimatt via Oppedal-Lavik. Det er og mogeleg å ta hurtigbåten over til Nordeide på dette tidspunktet. Rutebåten frå Ortnevik til Nordeide har plass til nokre få privatbilar, men då må du sjølv reservere på førehand direkte til båten.

Her kan du sjå og høyre fotograf Alf Vidar Snæland si oppleving av turen mellom Ortnevik og Sylvarnes 6. juni 2016. 

Langs veglause grender: Ortnevik-Sylvarnes

Fotturen langs veglause grender i Sogn er etterkvart blitt ein tradisjonstur i Indre Sunnfjord Turlag. Turen startar i Ortnevik på Høyanger sørside og går på kupert sti av variabel kvalitet ...

Kontaktinformasjon:

  • Roy Raasholm Fauske
  • Tlf. 97055206

Turleder:

  • Roy Raasholm Fauske