MiniBaseCamp på Kinn

Arrangement

Fra dato
9. oktober kl. 16:00
Til dato
11. oktober kl. 15:05
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Arrangement, Basecamp, Haust, Sosialt, Havet, Fridykking, Kinn, Sognogfjordane, Sunnfjord, Florø
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Flora Turlag , Indre Sunnfjord Turlag , Keipen Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Hei på deg! Lyst til å være med ut i havgapet å fridykke?

Siste helga i haustferien (veke 41) ynskjer vi å prøve noko nytt, nemleg ein MiniBaseCamp på Kinn! Frå fredag til søndag skal vi bu på turlagshytta på Kinn i regi av DNT ung Sogn og Fjordane. 

Ein MiniBaseCamp består av turleiing frå turleiarar, kjekk sosial aktivitet, fridykking, fisking, og fottur til Kinnafjellet. Denne MiniBaseCampen passar perfekt for deg mellom 14 og 16 år, som likar å vere sosial, aktiv og ynskjer ei utfordring i vill og vakker vestlandsnatur!  

På MiniBaseCampen møter du ein eller to turleiarar, som vil følgje gruppa gjennom dagane. Vi har med oss ein kompetent turleiar som tar oss gjennom fridykkinga, og kanskje vi kan lære noko nytt om havet og kva ein kan ete? DNT ung Sogn og Fjordane har det du treng av naudsynt utstyr for å prøve fridykking, men om du har eiga utstyr- så ta med det! Våtdrakta må være minst 5mm tykk. Du treng inga tidligare erfaring med verken fridykking eller BaseCamp, her er alle velkomne!

Praktisk:
Vi tar båten saman ut til Kinn kl 16.00 på fredag. Vi skal overnatte på turlagshytta på Kinn. Her er det 8 sengeplassar i sovesal og eit rom. I hovudsak vil det være eit gutterom, og eit  jentenerom. Det vert felles mat gjennom heile helga, og hytta har eit praktisk kjøkken. Hytta har to toalett og dusj. Helga vert avslutta med båten tilbake til Florø kl 15.05, ankomst 16.00.

Synest du dette høyre kjekt ut? Begrensa tal plassar, og det er fyrstemann til mølla! Meld deg gjerne på med ein venn, eller aleine- sosialt blir det uansett! Meir detaljert info, koronatiltak og pakkeliste kjem på e-post når det nærmar seg! 

Helsing Turleiarane

 

MiniBaseCamp på Kinn

Hei på deg! Lyst til å være med ut i havgapet å fridykke? Siste helga i haustferien (veke 41) ynskjer vi å prøve noko nytt, nemleg ein MiniBaseCamp på Kinn! ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Magnus Sandven