Til høgste fjellet i Gaular. Endret oppstart frå kl 8 til 9 i Førde.

Fellestur

Dato
20. juni kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Tur til Geitebostfjellet laurdag 20. juni. Dette er det høgste fjellet i tidlegare Gaular kommune. 

Oppmøte på Esso i Førde kl 09. Start frå Myravatnet kl 10. Dei som møter direkte ved Myravatnet må gje meldig om dette  til turleiar. Dersom det ikkje møter folk på Esso reiser turleiar bare  til Myravatnet dersom det  er gitt beskjed om at det møter folk direkte der. I disse Koronatider er vi oppfordra til å ha minst mogeleg  fellestransport, og turleier må notere alle navn før turen starter.  

Turen går frå Myravatnet 430 moh, via Skolebotn, over Pallefjellet og siste stigningen til Geitebostfjellet 1353 moh. 

Det er flott utsikt frå toppen ned over Viksdalen og opp over Gaularfjellet og mot Jostedalsbreen. 

Turen tek 6-7 timer. Turen kan du og lese om i Opptur Indre Sunnfjord som tur 14-13. 

Eg gjekk  turen i dag 14. juni. Det var mykje  snø frå ca 700 meter, men fast og god snø å gå i. Flekkvist snøfrie parti. Vi hadde truger med i dag, men det var ikkje nødvendig å bruke dei. Stavene var god å ha over snøen.

Turleiar Ronny Iden tlf. 41511951

 

Til høgste fjellet i Gaular. Endret oppstart frå kl 8 til 9 i Førde.

Tur til Geitebostfjellet laurdag 20. juni. Dette er det høgste fjellet i tidlegare Gaular kommune.  Oppmøte på Esso i Førde kl 09. Start frå Myravatnet kl 10. Dei som møter direkte ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Ronny Iden