Historisk vandring på Kongevegen

Fellestur

Fra dato
22. august kl. 08:00
Til dato
23. august
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Historisk, Historiskvandring
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)

Laurdag 22. og søndag 23. august inviterer vi på vandretur med lokal guide langs Kongevegen i Lærdal. Eller dalen der noregshistoria vert fortalt, slik lærdølene omtalar ruta. Turen byr og på mykje spektakulær natur og flotte opplevingar.

Laurdag køyrer vi frå Førde til Koren i Lærdal der vi startar å gå klokka 11. Denne dagen går vi rundturen Galdane-Seltunåsen. På denne turen går vi på to ulike typar veganlegg: Kongevegen frå 1790-åra og etterfølgaren, den Bergenske Hovedvej frå 1840-åra.

Samstundes går vi forbi høge fossefall, gamle husmannsplassar, mytespunne stader, tyske krigsanlegg og ikkje minst: den kjende Lærdalselvi.

Vi et nistepakke i Galdane, der vi og får kome inn i ei av husmannstovene.

Lengda på turen er knappe ni kilometer og den tek kring seks timar i roleg tempo med pausar og guiding undervegs. Vanskegraden er middels (blå) og turen høver for alle.

Turomtale her: https://www.visitkongevegen.no/opplevingar/rundturar/rundtur-galdane-seltunaasen/

Vi overnattar frå laurdag til søndag på Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri. På kvelden er det ikkje noko program, utover felles middagsbuffet på hotellet.

Søndag går vi ein kortare rundtur: Vindhella-Sverrestigen. Dette er ein av dei mest populære rundturane på Kongevegen over Filefjell, og går i eit vidtfemjande historisk landskap. Denne dagen går vi på den vidgjente Vindhellavegen som slyngar seg opp fjellsida og passerer fleire historiske stader. Om det er ønskjeleg er det og mogeleg å besøke Borgund stavkyrkje.

Lengda på denne rundturen er nær fem kilometer, og vi reknar med å bruke kring fire timar i roleg tempo med pausar og guiding undervegs.

Turomtale her: https://www.visitkongevegen.no/opplevingar/rundturar/rundtur-vindhella-sverrestigen/

På melding seinast innan 1. juli. Turavgifta vert betalt ved påmelding og dekkar guide begge dagar, overnatting i dobbeltrom og middagsbuffet laurdag kveld. Deltakarane betalar sjølve reise og andre utgifter.

Felles avreise frå Esso i Førde i privatbilar klokka 08 laurdag.

Hugs elles gode turklede, gode sko og niste.

Historisk vandring på Kongevegen

Laurdag 22. og søndag 23. august inviterer vi på vandretur med lokal guide langs Kongevegen i Lærdal. Eller dalen der noregshistoria vert fortalt, slik lærdølene omtalar ruta. Turen byr og ...

Kontaktinformasjon: