Bretur Fonn-Tungestølen

Fellestur

Fra dato
27. juni kl. 07:00
Til dato
28. juni
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Bretur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Bli med på ei turhelg som vil gje deg varierte naturopplevingar og ei positiv kjensle av å meistre!

Helga 27.- 28. juni arrangerer IST turen over Jostedalsbreen mellom Fonn i Stardalen og Tungestølen i Luster kommune.

Etter at hytta på Tungestølen vart øydelagt natt til 2. juledag 2011 av ekstremvêret Dagmar har denne tradisjonsrike turen berre sporadisk vore på pogrammet vårt.

Etter at ny hytte vart opna 6. septemper i 2019, er det er no betre forhold for overnatting og servering enn nokon gong på Tungestølen.

Turhelga startar med felles busstur frå Esso i Førde laurdag morgon. Bussen køyrer oss til Fonn i Stardalen, som er utgangspunktet for fotturen over breen til Tungestølen.

På Fonn startar turen i roleg gange, og etter ei noko bratt oppstiging til Gallen nærmar vi oss brekanten der vi knyter oss inn i taulag.

Etter 2-3 timar på breen kjem vi over til Midtnovi med bratt nedstiging til Langedalen.

Deretter er det flatt fram til Tungestølen.

Turen er noko krevjande med ei gangtid på om lag 10-11 timar.

Tradisjonen tru vert det mat, sosialt samver og overnatting på Tungestølen.

Søndag etter frukost kan ein anten velje å gå gjennom Snauedalen til Fjærland, gå til Austerdalsbreen eller ein kan slappe av på Tungestølen fram til bussen returnerer til Sunnfjord.

Aveise frå Esso i Førde 07.00 laurdag.

Pris medlem kr 1300,- , ikkje medlem 1500,-

Breføring, overnatting, middag og transport er med i prisen

VEL MØTT - HÅPAR DU BLIR MED!

Bretur Fonn-Tungestølen

Bli med på ei turhelg som vil gje deg varierte naturopplevingar og ei positiv kjensle av å meistre! Helga 27.- 28. juni arrangerer IST turen over Jostedalsbreen mellom Fonn i Stardalen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Per Tore Meier
  • Leif Sverre Høyvik