NB! Avlyst som fellestur! Sjufjellstur i Askvoll

Fellestur

Dato
1. mai kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Dette skriv turleiar John Lien om 7-fjellsturen i Askvoll:

Hei!  Den tradisjonelle og populære 7-fjellsturen i Askvoll, som vi har arrangert 1. mai, vert dette året avlyst, dette på grunn av koronaviruset.  Det eg har gjort, er å legge til rette for at de alle sjølv kan gå denne turen når de sjølv vil.  Eg har gått opp turen, laga GPX-spor og lagt heile turen inn på www.Ut.no  Namnet er 7 fjellstur Askvoll og de finn turen på denne linken: https://ut.no/turforslag/116946913/7-fjellstur-askvoll.
Dette er ein tur på 13,4 km, og du går på toppane rundt Askdalen.  Det fine er at du kan avslutte frå kvar topp, for det går stiar direkte til alle desse sju toppane.  Lykke til med turen!

Her er den opphavelege teksten om turen:

Vi inviterer alle til ein sjufjellstur langt ut mot havet, i Askvoll.  Dei siste åra har vi brukt mellom seks og åtte timar på heile turen, og tidlegare har det vore mellom 25 og 50 deltakarar. På denne turen fekk vi veldig god tilbakemelding, slik som «Kvifor har vi ikkje oppdaga dette fabelaktige terrenget før, ei unik utsikt heile dagen.».

Vi møtest ved kyrkja i Askvoll, og går derifrå i samla tropp  kl 09:00, der Blåfjellet vert første topp og Fristadfjellet den siste.  

Turleiarar vert som vanleg John Lien og Svein Follevåg.

NB! Avlyst som fellestur! Sjufjellstur i Askvoll

Dette skriv turleiar John Lien om 7-fjellsturen i Askvoll: Hei!  Den tradisjonelle og populære 7-fjellsturen i Askvoll, som vi har arrangert 1. mai, vert dette året avlyst, dette på grunn ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • John Lien