Sjufjellsturen i Naustdal

Fellestur

Dato
21. mai kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Oppmøte kl 08:00 v/Best på Sanden i Naustdal

Parkering og start på Sanden i Naustdal. Bratt opp til toppen av Vindkjegla (688 moh). Vidare mot Fjellsenden og så oppover mot dagsturhytta Steinkorshytta som ligg ca 300 meter sør for toppen av Steinkorsen (762 moh). Ved dagsturhytta kan det passe med ein lengre pause.

Frå Steinkorsen fortset vi slakt vestover mot Blåfjellet 791 moh). Her er turen sitt vestlegast punkt og vi tek pause her. Herifrå går vi same vegen tilbake og klyv opp til toppen av Bygdahaugen (777 moh) . Frå Bygdahaugen fortset vi same vegen austover før vi svingar av den merka stien og går opp mot Ørnehamrane (712 moh).

Frå Ørnehamrane kryssar vi mot«Hulda»  og tar ein lengre pause ved elva der, før vi  går vidare mot Skeisknausen (726 moh). Frå Skeisknausen dreiar vi sørover og kjem til siste toppen som er Liafjellet (622 moh). Frå Liafjellet går vi nedover og hamnar etter kvart på skogsveg og følgjer den ned til skogsbilvegen Solsidevegen. Vi går Solsidevegen vestover til Naustdalslia og går kommunal veg ned til Sanden i Naustdal sentrum.

Det er godt mogeleg å gå delar av turen dersom ein ikkje ynskjer å gå heile turen.   

Lengde målt på fjorårets tur er litt over 26 km. Tid ca 9,5 timar inklusiv pauser. Lettgått terreng når ein har kome seg opp på Vindkjegla.

Sjufjellsturen i Naustdal

Oppmøte kl 08:00 v/Best på Sanden i Naustdal Parkering og start på Sanden i Naustdal. Bratt opp til toppen av Vindkjegla (688 moh). Vidare mot Fjellsenden og så oppover mot ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Gunnar Naustdal