NB! AVLYST! Påskeskitur i Jotunheimen

Fellestur

Fra dato
3. april kl. 12:00
Til dato
8. april
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet har allerede startet!

Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Årsak Koronavirus.

På ski gjennom Jotunheimen, fem dagsetappar, med overnatting på betjente hytter.

Varierte og fine turar, med dagsetappar mellom fem og sju timar, der du kver dag kjem til oppvarma hytte, med dusj, treretters middag og ei god seng å ligge i. Om morgonen startar du dagen med god frukost, der du smører nistepakke, og fyller termosen før vi tar skia på og set kursen mot neste hytte.

Høyrest dette fristande ut, og du har lyst å vere med, må du vere raskt ute å melde deg på.

Dag 1, fredag 03.04: Reisedag til Gjendesheim. Kver enkelt ordnar transport. Middag blir vanligvis servert kl. 19.00, også kl. 21.00 om det er mykje folk, men du får mat fram til kl. 22.30.

Dag 2, laurdag 04.04: Start kl. 09.00, Gjendesheim – Glitterheim, ein tur på ca sju timar, 17 km.

Dag 3, søndag 05.04: Start kl. 09.00, Glitterheim- Spiterstulen. Turtid fem-seks timar, 17 km.

Dag 4, måndag 06.04: Start kl. 09.00, Spiterstulen – Leirvassbu. Turtid fem-seks timar. 14 km.

Dag 5, tysdag 07.04: Start kl. 09.00, Leirvassbu – Gjendebu. Turtid seks-sju timar, 19 km.

Dag 6, onsdag 08.04: Start kl. 09.00, Gjendebu-Gjendesheim. Turtid fem-seks timar, 18 km

Etter ankomst Gjendesheim, blir det heimreise, dei som ynskjer ei ekstra overnatting på Gjendesheim, må ordne det sjølve.

Turtida kan variere litt i forhold til oppsette tider, avhengig av vêr, føre og snøforhold.

Turen, dagsetappane kan også bli forandra undervegs dersom vêr og føre gjer det nødvendig.

Ønsker du meir info om dei forskjellige dagsetappane, og hyttene, finn du dette på UT.no

Prisar:

Vaksne, DNT-medlem 5000 kr.

Vaksne, ikkje medlem 5800 kr.

Barn/ungdom 13-18 år, DNT-medlem 3800 kr.

Barn/ungdom 13-18 år, ikkje medlem 5800 kr.

Barn opp til 12 år, DNT-medlem 2300 kr.

Barn opp til 12 år, ikkje medlem 3200 kr.

Prisen dekker overnatting, middag, frukost, niste/termos alle dagar, unntatt frukost, niste/termos fredag 03.04, og middag onsdag 08.04.

Siste frist for påmelding er 15. mars. Påmeldinga er bindande. Maks tal deltakarar 15 stk. Blir det under 10 påmelde, blir turen avlyst.

Vêret i fjellet skifter raskt og kan være svært krevjande, difor må vi vere budde på ekstreme situasjonar.

Her er eit forslag til kle og utstyr du bør ha med deg når du skal gå på ski frå hytte til hytte i vinterfjellet:

Ei utrusting utan ski/støvlar/stavar/mat/drikke vil vege totalt mellom 10 og 14 kg. Med kle på kroppen går vekta på sekken ned til ca åtte kg.

TIPS:

1. Med eitt skift ullundertøy har du eitt sett på tur og det andre inne på hytta. Ved behov skyl/vask undertøyet når du er på hytta, heng det på tørkerommet, og du har det reint og tørt til neste dag.

2. «Lette innekle», kan vere ei tynn/lett microfiberbukse i tillegg til det ekstra settet du har med ullundertøy.

3. Bruk gjerne bivuakksko (dun/kunstfiber) som lette innesko. Gir tryggleik når vi brukar BC-skisko som kan fryse til binding.

4. Varmejakke gir rask og effektiv varme i pausar. Den kan vi ta utanpå ytterjakke i tørt vêr.

5. Ytterkle i vindtett bomull eller mikrofiber vil oftast gi betre fukttransport enn allvêrskle. Du må då vurdere vêrvarsel og eventuelt ha regntøy i sekken.

6. Sondestang vil hjelpe med å vurdere om ein snøskavl er stor nok til å grave seg inn i. Sendar/mottakarar er aktuelt på tur i terreng brattare enn 30 grader, fleire må då ha med og kunne bruke utstyret.

7. Vindsekk, tilstrekkeleg varm sovepose og liggeunderlag skal alltid vere med. Dette reddar liv kvar vinter.

Utstyr:

1. Fjellski og stavar med brei trinse.

2. Ryggsekk med passe volum til innhald, 55-70 liter.

3. Vasstett pakkepose som passar i sekken.

4. Vindsekk.

5. Spade.

6. Sovepose (tilstrekkeleg varm), og evt. lakenpose (til bruk på hytta).

7. Liggeunderlag.

8. Førstehjelpssaker med m.a. gnagsårplaster/ sportstape.

9. Toalettsaker, lett håndkle.

10. Litt toalettpapir i pose.

11. Alpinbriller.

12. Solbriller og solkrem.

13. Kart, kompass og kartmappe.

14. Multiverktøy.

15. Fyrstikker/lighter.

16. Hovudlykt.

17. Termos.

18. Mat for dagen og drikkeflaske.

19. Skismøring, evt. også fellar.

Skredsøkar og søkestang er ikkje påkrevd på denne turen.

Om fleire reiser i lag er det nok med ein spade per to personar.

Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på om turen, utstyr, og pakkeliste. Helsing turleiarane, Kjell Kleiven. Tlf 99242772 e-post kjell.kleiven@enivest.net, Mariann Svingen. Tlf 95191858 e-post mariann.svingen@vegvesen.no.

NB! AVLYST! Påskeskitur i Jotunheimen

Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Årsak Koronavirus. På ski gjennom Jotunheimen, fem dagsetappar, med overnatting på betjente hytter. Varierte og fine turar, med dagsetappar mellom fem og sju timar, der du kver ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Mariann Svingen
  • Kjell Kleiven