Turen i 2020 vart avlyst pga koronaepidemien. Vi satsar på ny i 2021.
Oppmøte Esso Førde kl 07.30
Turen startar frå Sandal/Fossheim i Myklebustdalen kl 09.00 Der går vi oppover på skogsveg til vi nesten passerer skoggrensa. Vi går vidare oppover mot Geitanukjen og Myklebustbreen i jamn stigning. Når det flatar ut, går vi nordover på breen mot Ceciliekruna, 1717 moh. Der får vi eit vakkert skue frå «Oldens dronning». Vi ser heile Olden/Oldedalen og alle fjella rundt.
Vidare går turen til Storlogspiken, 1553 moh. Terrenget der går roleg nedover med nokre stigningar.
Fra Storlogpiken og nedatt til Myklebustdalen går det nesten i eitt renn, om vi er heldig med føret
Turen tar ca 10 timar+. Ta med varme kle og rikeleg med mat /drikke.
Turen har ein del flate parti og passar godt for gode fjellski. Men vil du ha ekstra glede av nedrenna, kan randone/telemark vere eit godt alternativ.
Påmelding
Turleiar
Arnfinn Valaker
Mobil 977 64 853
Ceciliekruna sett frå Eide ved Oldevatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen.