Rallarvegen – ein klassikar for fjellsyklistar "AVLYST"

Fellestur

Fra dato
29. august kl. 08:00
Til dato
30. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Sykkeltur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Hardangervidda (se kart)

Turen går over to dagar. Vi køyrer frå Førde laurdag morgon  i privatbilar til Flåm. 

Frå Flåm reiser vi med Flåmsbana opp til Myrdal. Flåmsbana er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg med over ein halv million besøkande kvart år. 

Vidare reiser vi med tog frå Myrdal til Haugastøl. Her får vi utlevert syklar og sidevesker (sidevesker til bagasje, ein treng ikkje ta med ryggsekk) og herifrå syklar vi til Finsehytta, ein strekning på 27 km. 

På Finsehytta blir det 3-retters middag og overnatting. Etter frukost søndag morgon syklar vi vidare mot Flåm. Dit er det ca 5 mil. Heile sykkelturen er ca 8 mil lang. 

Etter ein spennande sykkeltur langs jernbana i fin og variert natur er vi tilbake i Flåm ut på ettermiddagen søndag. Her leverer vi frå oss syklane som blir frakta tilbake til Haugastøl med bil. 

Det er bindande påmelding på denne turen pga bestilling av syklar, togbillett og overnatting. 

Pris per stk.  Medlem 3000 kr. 

Ikkje medlem 3300 kr. 

Barn/ungdom under 16 år 1900 kr. 

Prisen dekker togbillett, sykkel og sidevesker, overnatting, 3-retters middag laurdag kveld, og frukost, niste/termos søndag. 

Nedre aldersgrense 10-12 år. 

Alle må ha med sykkelhjelm. 

Det er berre plass til 15 stk på denne turen. Ver rask med å melde deg på om du vil vere med, dette pga bestilling av syklar og togbillettar.  

Påmeldingsfrist  31.07.2020 

For spørsmål ang turen, kontakt turleiar. 

Kjell Kleiven Tlf 99242772 

Mariann Svingen Tlf 95191858 

Rallarvegen – ein klassikar for fjellsyklistar "AVLYST"

Turen går over to dagar. Vi køyrer frå Førde laurdag morgon  i privatbilar til Flåm.  Frå Flåm reiser vi med Flåmsbana opp til Myrdal. Flåmsbana er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell Kleiven