Breturen Lunde-Fjærland

Fellestur

Dato
15. august kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Bretur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

På denne turen skal vi gå ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen, ei rute som har vore brukt i mange generasjonar, og er den kortaste overgangen over breen.

Vi reiser frå Essostasjonen i Førde kl 07.00 og køyrer til Lunde i Jølster, (nngangen til Fjærlandstunnelen). Nokre bilar køyrer vi gjennom tunnelen til Bøyadalen, for transport tilbake etter endt tur.

Avgang Lunde ca 08.30, vi går den mykje omtala stien opp Lundeskaret til Trollavatnet, og vidare mot Marabreen, vidare over breen til Kvitevardane, og ned i Bøyadalen.

Turtid 8-10 timar

For kryssing av breen kan det vere nødvendig med stegjarn/broddar.

For spørsmål ang turen. Turleiar Kjell Kleiven Tlf 99242772

Turen går berre i godt vêr.

Breturen Lunde-Fjærland

På denne turen skal vi gå ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen, ei rute som har vore brukt i mange generasjonar, og er den kortaste overgangen over breen. Vi ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell Kleiven