nb! AVLYST! Nattskituren på Jostedalsbreen

Fellestur

Fra dato
5. juni kl. 17:00
Til dato
6. juni
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

TUREN ER AVLYST PÅ GRUNN AV FOR DÅRLEGE VERMELDINGAR FOR HELGA!

(Turleiar er Kjell Kleiven og Per Tore Meier 99242772/41505600

Nattskituren går frå Flatbrehytta i Fjærland til Gjerde i Jostedalen.

Flatbrehytta ligg på 1000 m.o.h.

Avgang frå Flatbrehytta fredag kveld kl 17.00

Første etappe er opp til Supphellenipa, 1731 m.o.h., då går vi opp Flatbreen. Etter ein stopp der på ca. 30-40 min. går vi neste etappe til Bings Gryte, dette partiet er stort sett flatt, litt nedrenn til Bings Gryte. Der er vi ca. kl 24.00, mørkaste tida på natta.

Neste etappe går vi mot Ramnane og soloppgangen ca. kl 02-03.00. På Ramnane tar vi ein kvil på ca. 2 timar. Etter kvilen renn vi ned under Kvitekoll før vi tar til på lett stigning opp mot Høgste Breakulen 1957 m.o.h. Herifrå er det nedover til Steinmannen og så framover Hauganosi til Haugavarden på 1359 m.o.h. Herifrå må ein rekne med å måtte bære skia.

Siste delen av turen er på sti ned til Gjerde. Vi reknar med å vere framme på Gjerde ca kl 15.00 på laurdag. Buss frå Gjerde kl 15.30 tilbake til Fjærland.

Praktiske opplysningar:

Turen opp frå parkeringsplassen i Fjærland til Flatbrehytta tar ca. 2 ½ t. Fint å spare energien til ein lang tur.

Vi må utstyre oss som for ein vintertur, varme klede, og mat og drikke til heile turen og litt som kan gje ekstra energi som nøtter, sjokolade, rosiner m.m. Drikke, min. 1 ½ liter. Vatn kan fyllast i nærleiken av Flatbrehytta. Er er vi heldige er det vatn på veg opp frå Flatbreen. Alle må ha med seg sovepose og liggeunderlag som ei sikring, vi brukar  den og i pausen. Viktig med solbriller på siste del av turen.

Skia må ha skismurning, av erfaring går det lettast innover breen. Tynt lag med skareklister i botnen og universalklister oppå, eller raudklister. Vert snøen tørrare kan det leggast tørrvoks utanpå. Undervegs tar vi drikkepausar, fint om alle tar justering av utstyr og kle på desse stoppa, då vil turen få ei fin framdrift for alle. Hugs å ha med plaster for gnagsår (compeed).

Påmelding til turleiarane Kjell Kleiven og Per Tore Meier 99242772/41505600.

Truavgift: medlem 650,- kr  Ikkje medlem i DNT 850,- kr

Turen går ikkje i dårleg vêr, vêrmeldinga torsdag kveld er avgjerande for det.)

nb! AVLYST! Nattskituren på Jostedalsbreen

TUREN ER AVLYST PÅ GRUNN AV FOR DÅRLEGE VERMELDINGAR FOR HELGA! (Turleiar er Kjell Kleiven og Per Tore Meier 99242772/41505600 Nattskituren går frå Flatbrehytta i Fjærland til Gjerde i Jostedalen. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Per Tore Meier
  • Kjell Kleiven