Skitur til høgaste fjellet i Sunnfjord kommune

Fellestur

Dato
18. april kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Snønipa er det høgaste fjellet i  Gloppen  og Sunnfjord kommune (ligg på kommunegrensa), 1827 meter høgt. Fjellet ligg på vestsida av Jostedalsbreen i den bredelen som heiter Myklebustbreen (Snønipbreen). Snønipa er ein såkalla nunatak, dvs. eit fjell som stikk opp gjennom ein isbre. Ho er den høgaste delen av Myklebustbreen som med 57 kvadratkilometer er rekna som den sjuande største breen i Noreg utan om Svalbard. Frå toppen har ein særs flott utsikt over Myklebustbreen sine kvite flater og mot Jostedalsbreen i aust.

Turen startar på Høyset i Stardalen, og alt etter snøforhold bestemmer vi kvar turen startar. Mest sannsynleg må vi gå helt frå der bomvegen startar.

Det er ein lang tur, og dagen går med.

Det er nødvendig å kle seg godt og ha med vanleg utstyr for topptur som godt med klede og skredutstyr i sekken. 

Turen går berre i godt vêr, og kan bil flytta om vêrutsiktene er betre søndag.

Oppmøte Esso i Førde kl 07.30

Avgang Høyset kl 09.00

 

Skitur til høgaste fjellet i Sunnfjord kommune

Snønipa er det høgaste fjellet i  Gloppen  og Sunnfjord kommune (ligg på kommunegrensa), 1827 meter høgt. Fjellet ligg på vestsida av Jostedalsbreen i den bredelen som heiter Myklebustbreen (Snønipbreen). Snønipa ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Per Tore Meier