Skitur til Blegja

Fellestur

Dato
13. april kl. 08:15
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Turprogram2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Skituren til Blegja 13. april går frå Bygstad/Skaraly, ikkje frå Solheimsdalen, slik det står i turprogrammet.
Vi møtest på parkeringsplassen på Nygjeldshaugane, 400 moh ovanfor Bygstad kl 08.15, og gjer oss klare til å gå 0830.

Etter det som ser ut til å bli ein snøfattig vinter, kan vi rekne med å måtte bere skia i sekken ein liten time opp mot dagsturhytta Skaraly. Frå hytta brukar vi 4-5 timar ut til toppen. I flott vårvêr finst det knapt noko betre, sjølv om ein må passere eit litt luftig parti.

Vi brukar kort/langfeller på fjellskia våre og har med god niste, solkrem, godt humør, for då kjem ein langt. Set av siste dagen i påska 2020 til denne turen :)
Turleiar: Dag Tore Mjåseth 91896443

Skitur til Blegja

Skituren til Blegja 13. april går frå Bygstad/Skaraly, ikkje frå Solheimsdalen, slik det står i turprogrammet. Vi møtest på parkeringsplassen på Nygjeldshaugane, 400 moh ovanfor Bygstad kl 08.15, og gjer ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Dag Tore Mjåseth