Via Ferrata i Loen

Fellestur

Dato
21. juni kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Klatretur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Bli med Indre Sunnfjord Turlag på Via Ferrata i Loen

Det vert mogleg å gå forskjellige ruter avhenging av kva utfordringar ein ynskjer. Turen er ikkje veldig krevane, men ein bør vere i normalt godt form.  Aldersgrensa for å vere med er 12 år.

Turlaget har utstyret som trengst til 14 personar, det er også grensa for tal deltakarar på denne turen. Turen vert avslutta på toppen, og den enkelte kan velje om ein vil gå eller ta Skyliften, ned igjen.

Turavgift er 200.- for DNT-medlemer og 400.- for andre. Innsamla sum går uavkorta til Loen Aktiv.  Betaling til turleiar i kontantar ved frammøte.

Det er påmelding via nettsida på denne turen.

Vi startar frå parkeringsplassen til Loen Skylift kl. 12 sidan det ofte er kø tidegare på dagen. Avreise og samkøyring frå Esso i Førde kl. 1030 evt. direkte frammøte i Loen.

Turleiar er Asle Veien

Meir informasjon finn ein her http://www.loenactive.no/aktivitetar/sample-page

Via Ferrata i Loen

Bli med Indre Sunnfjord Turlag på Via Ferrata i Loen Det vert mogleg å gå forskjellige ruter avhenging av kva utfordringar ein ynskjer. Turen er ikkje veldig krevane, men ein ...

Kontaktinformasjon: