Leik i blåisen på Haugabreen

Fellestur

Dato
5. september 2020 kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Bretur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Vaksentur laurdag 5.9., Barnas Turlag søndag 6.9.

Skund deg, om hundre år er truleg breane borte! Ein leik i det fascinerande brelandskapet bør alle som er glade i norsk natur unne seg. Turlaget har alt du treng av utstyr, og turleiarar som kan føre deg trygt mellom sprekker og isveggar. Om du vil prøve å klatre i isen med klatreøkser og stegjern, kan du det og.

Start frå parkeringsplassen i Haugadalen, der det er ein liten time å gå inn til brekanten.

Vi køyrer frå Esso i Førde klokka 08 til Høyset i Stardalen, der vi tek av på bomvegen (hugs pengar) opp til Haugastølen i Haugadalen. Her samlast vi ca kl 09.

Det kan verte kaldt på breen, så ha gode varme klede, hanskar, hue, stillongs og gjerne ei ekstra varm jakke til å ta på i pausar. Det er viktig med fjellsko for å få stegjerna til å henge.

Dette er ein tur som krev godt ver, men det teng ikkje vere strålande sol.

Hugs å melde deg på innan fredag 4. september klokka 12 til turleiar Irene Befring tlf. 943 47 131.

Barnas Turlag tek turen til Haugabreen søndag 6. september, med Asle Veien som turleiar. Bindande påmelding (maks 10 barn) til Sissel Flåm, tlf 99264780.

Vel møtt til strålande dagar i blåisen!

Kontaktinformasjon:

  • Irene Befring
  • Tlf. 94347131