Skitur til Grovabreen

Fellestur

Dato
1. april kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Kanskje er det den vakre Jølsternaturen som trekkjer fleire titals deltakerar med på denne Skjærtorsdagturen, år etter år. Turen startar nemleg i den idylliske Dvergsdalen på 500 moh, og det vert berre meir storslagent og vakkert etter kvart som ein jamnt og trutt vinn høgdemeter og får sjå vidare og meir av dei ville fjella som omkransar Jølstavatnet. Etter fire timar gange er vi komne til Salseggja med Vidunderdalsvatnet til venstre og om vi har flaks i år også, ein reinsflokk til høgre.

Men kanskje er det ikkje utsikta som lokkar. Kanskje er det fasinasjonen av å kome opp på breen, vel 1500 moh til dei store flatene og vite at under skia og snøen er det is, is og atter is. Det er ikkje alle år at turen går heilt inn til høgste punktet på breen. Breplatået er flatt, og ein må ha høgdemålar for å vite at ein er på toppen, og dessutan... nedrennet ventar.

Turen på Grovabreen vert avslutta med eit nedrenn som står i stil til namnet: Fagredalen!

Truleg er det den slake, lange breen som etter kvart møter den bratte brekanten som mest av alt motiverer forå bli med på denne turen i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Her er det som regel, på grunn av breen, fin snø og rikeleg med plass til å kunne leike seg i sving etter sving etter sving. Vanlegvis brukar ein ca. 6 timar på turen, men det varierer sjølvsagt med føre og vêr.

PS. Dei seinare åra har det nok vore mest vanleg med randonne eller telemark-utstyr på denne turen. Men det er fullt mogleg å gå den på vanlege fjellski. Langrennski vil eg ikkje anbefale.

Felles avreise frå Esso i Førde kl. 9 og skihytta i Dvergsdalsdalen  kl. 10.
Ta gjerne kontakt med turleiar, Asle Veien ( tlf. 97055203 ), om det er noko du lurer på.

Velkomen på tur!

Skitur til Grovabreen

Kanskje er det den vakre Jølsternaturen som trekkjer fleire titals deltakerar med på denne Skjærtorsdagturen, år etter år. Turen startar nemleg i den idylliske Dvergsdalen på 500 moh, og det ...