Frå Angedalen til Sandane

Fellestur

Fra dato
20. juni kl. 07:30
Til dato
21. juni kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

ANGEDALEN-SANDANE 20-21.06

Avreise frå Esso i Førde laurdag 20.06. kl 07.30, tilbake i Førde søndag kveld ca kl 18.00. I år vil vi prøve å gå turen litt tidlegar på årte. Dagane er lengre, og ikkje minst håpar vi att det kan ligge att l nokre snøbrear, som kan vere fine å gå på, spisielt i unnabakkane, i staden for å måtte gå i grov steinur.

Turen startar frå Botnen inst i Angedalen og går innover på nordsida over til Kupefjellet 1287 moh, og vidare innover fjellrekka. Vi må ned i Gotdalsskaret før vi tar oss opp på Grønlifjellet, turens høgaste punkt 1385 moh. Vidare går vi innover høgdedraget mot Litlebottsegga, før vi tek ein sving ned mot Longevasshytta.

Denne etappen er godt 20 km lang.Viss du synest det er for langt å gå frå Angedalen kan du gå ein kortare tur til Longevasshytta på laurdag og bli med på søndagens tur til Sandane.

Søndag startar turen ca kl 09 frå hytta og går gjennom Blådalen til Fagredalsreset, Bjørnasteinen og etter kvart kjem vi fram i Langedalen. Frå Fitjestøylen går turen over Indre Skaret og Fitjevårstøylen. Turen frå Longevasshytta til Fitjevårstøylen er ca. 15 km.

På grunn av transportbehov er det påmelding til denne turen seinast onsdag 17.06.

Pris medlem 600;  ikkje medlem 800,.- Studentpris medlem 500, Ikkje medlem 600,-

Det dekker overnatting og transport

-----------------------------------------------------------------------------

Frå Angedalen til Sandane

ANGEDALEN-SANDANE 20-21.06 Avreise frå Esso i Førde laurdag 20.06. kl 07.30, tilbake i Førde søndag kveld ca kl 18.00. I år vil vi prøve å gå turen litt tidlegar på ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell-Arne Hjellbrekke