Klassikaren Årdal-Nes

Fellestur

Dato
5. april kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Fjordane (se kart)

Dette er ein grei dagstur på7-9 timar. Distansen er ca 30 km med litt under 600 høgdemeter stigning.Vi startar frå Erikstad i Årdalen inn dalen til Legestøylen, ca 4 km med fin oppvarming, for så å få all stigninga på turen på ein gong. Opp til vatnet, Stegsvatnet.(782 m.oh.), her er det nok lurt å bruke skifeller. Dette er den tyngste delen av turen.

Men når vi er komne opp på Stegsvatnet er det berre å peile seg inn på hyttene i Kupa, nyte turen og tenkje at no har ein ca 2 mil med lett terreng og slakke fine unnakøyringar framfor seg.

Vel framme ved Longevasshytta tar vi en lang og god matpause før turen fortsett vestover Longevatna. Her får vi nokre fine renn ned mot Fosselva, før vi tar til på siste stykket over Vonavatnet. Der er det oppkøyrt løype over vatnet og fram til Røde Kors-hytta og ned vegen.

 Hugs solbriller, solkrem og rikeleg med mat og drikke .

Det blir sett opp buss med avgang frå  Nes i Naustdal kl 07.00, frå Førde kl 08.00. Det er mogeleg å gå på bussen undervegs (dette må avtalast på førehand med turleiaren.. Etter at vi er komne til Nes om ettermiddagen, ca kl 18.00, går bussen tilbake til Erikstad. 

Påmelding seinast 2/4 kl 18,  pris :Medlem-150,- ikkjemedlem 250 kr,. 

Turleiar Kjell Arne Hjellbrekke, tlf 95827976.

Klassikaren Årdal-Nes

Dette er ein grei dagstur på7-9 timar. Distansen er ca 30 km med litt under 600 høgdemeter stigning.Vi startar frå Erikstad i Årdalen inn dalen til Legestøylen, ca 4 km med fin oppvarming, ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell-Arne Hjellbrekke