FULLTEIKNA: Langs veglause grender: Ortnevik-Sylvarnes

Fellestur

Dato
14. juni kl. 07:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

TUREN ER FULLTEIKNA. På grunn av restriksjonar (Korona) i passasjertalet på rutebåten Tansøy kan vi dessverre ikkje ta imot fleire påmeldingar til turen.

Fottur langs veglause grender i Sogn. Dette er ein av turane våre som samlast flest deltakarar. Då den er så etterspurd, prøver vi igjen i år.

Turen startar i Ortnevik på Høyanger sørside og går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Sylvarnes i Vik kommune. Lengd ca 10 kilometer. Dette er ein middels lett tur, men du må vere i stand til og motivert for å gå ein seks timar lang tur i roleg tempo.

Lette tursko går fint, men vi skal krysse eit par elevar så du må vere budde på å verte våt på beina.

Vi vil stoppe ved nokre av dei ni bruka vi er innom. Dei fleste bruka er nedlagde, men mange av husa og tuna er godt vedlikehaldne. Berre på Sylvarnes er det fastbuande. Dette er såleis ei kulturhistorisk vandring langs veglause grender. Dette er elles ein flott tur i storslått natur.

Tilbake tek vi rutebåten frå Sylvarnes (kl 1755) til Ortnevik og Nordeide. Retur via Vik er mogeleg då vi er framme så tidleg at vi også rekk austgåande avgang. Vel du dette alternativet framfor å sitje i solveggen ved turisthytta på Sylvarnes får du også med deg ein flott båttur endå lenger innover Sognefjorden. Vi er tilbake i Ortnevik klokka 19.20.

Ingen turavgift, men deltakarane betalar sjølve bilutgifter, båt og ferje. Båten tar berrre Vipps.

Påmelding til Roy Raasholm Fauske på tlf 970 55 206. Påmeldinga er stoppa.

Avreise frå Esso i Førde kl 07.30. Vi køyrer i privatbilar via Lavik-Oppedal. 

Ferjeavgang kl 08.30 frå Lavik. Avgang frå Ortnevik kyrkje kl 10.00.

Her kan du sjå, og høyre, fotograf Alf Vidar Snæland si oppleving av søndagens tur mellom Ortnevik og Sylvarnes 6. juni 2016

FULLTEIKNA: Langs veglause grender: Ortnevik-Sylvarnes

TUREN ER FULLTEIKNA. På grunn av restriksjonar (Korona) i passasjertalet på rutebåten Tansøy kan vi dessverre ikkje ta imot fleire påmeldingar til turen. Fottur langs veglause grender i Sogn. Dette ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Roy Raasholm Fauske