AVLYST: Trugetur til Klungeren

Fellestur

Dato
26. januar kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen er avlyst pga dårlege vêrmelding. Vi prøver å setje den opp igjen seinare i vinter. 

Bli med oss på trugetur til fjelltoppen Klungeren med flott utsyn vestover mot Storehesten og Dalsfjorden.

Truger er eit fint alternativ til ski om toppturar på vintersdagen freistar. Spesielt om du kvir deg litt til unnabakkane, skiføret er dårleg eller om du rett og slett ønskjer ei litt annleis turoppleving. 

Turen startar på parkeringsplassen ved Masdalsgjelet i Førde og tek kring halvannan time opp i roleg tempo, inkludert pausar. Terrenget er lettgått og byr ikkje på altfor bratte brakkar. 

Har du ikkje truger kan du låne av turlaget. Vi har nokre få til gratis utlån. I så fall må turleiar få beskjed seinast dagen før på telefon 970 55 206. Skistavar kan vere lurt å bruke. Hugs elles varme klede og godt med mat og drikke. 

Er det dårleg vêr eller vanskelege snøforhold kan turen verte flytta til eit meir tilgjengeleg turmål. Turleiar vil i så fall informere om dette på Facebook-sida til Indre Sunnfjord Turlag seinast dagen før. 

Frammøte på Esso i Førde søndag 26. januar klokka 10. Avgang frå Masdalsgjelet klokka 10.30.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Roy Raasholm Fauske