Sjå Jølstravatnet frå Orkja!

Fellestur

Dato
17. oktober kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Orkja (948 moh.) er eit markant og lett tilgjengeleg fjell på sørsida av Jølstravatnet. Dette er det einaste fjellet i Jølster med bilveg rundt heile fjellet, og det er ei gamal regle i Jølster som seier at  "Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå."Det er fleire stiar som fører opp til Orkja. Vi skal gå stien opp på austsida, og tek returen ned vestsida, slik at vi går over heile fjellet.

I starten går turen i lett og ope terreng med eldre bjørkeskog, og vi får flott utsikt mot Dvergsdalsdalen og Grovabreen oppover. Etter kvart som vi nærmar oss toppen får vi gradvis utsyn også utover Skei og Kjøsnesfjordbrua. Denne ruta er den kortaste opp på Orkja. Dette gjer den også noko brattare enn ruta vi skal gå ned att. Vi rastar ved varden som ligg på austleg side av toppen, før vi går vestover over heile det store flate fjellplatået. Vi vil ha flott utsikt mot Sandalen, Helgheim og Jølstravatnet heile vegen ned att mot Myklebust. 

Vi brukar 4-5 timar på turen. Sjølv om vi går på sti er det noko vått og myrlendt terreng på delar av turen. På toppen er det lett og fint fjellterreng å gå i. Om det er fint og varmt vêr er det flotte fjellvatn å bade i dersom det er forlokkande. 

Her kan du lese meir og sjå fleire foto om rutene til Orkja vi skal gå: 

https://ut.no/turforslag/1114165/orkja-fra-austleg-side 

https://ut.no/turforslag/1111417/orkja-fra-myklebust 

Oppmøte på Esso Førde kl 08.30 der møtte deltakarar organiserer samkøyring til Vassenden. Her møter de turleiar ved det kvite servicebygget rett ved brua over elva Jølstra. Dei som vil møte på Vassenden kan gjere det til kl 08.50. Vi kjøyrer vidare langs Nikolai Astrups veg og tek på Myklebust av opp til Dvergsdalsdalen der det er skilta til Øvre Åsen og Dvergsdalsdalen . Turgåarar som kjem frå Nordfjord og Sogn kan møte oss der vi tek av opp til dalføret. Vi reknar med å vere her omlag kl 09.15. Vi må setje frå oss bil(ar) til returen der vi kjem ned att, før vi så køyrer vidare inn til gardane i Dvergsdalsdalen og parkerer ved grustaket på austsida av fjellet. Her er det relativt godt med parkeringsplassar. 

Turleiar er Anne Cecilie Kapstad (99 20 26 56)

Sjå Jølstravatnet frå Orkja!

Orkja (948 moh.) er eit markant og lett tilgjengeleg fjell på sørsida av Jølstravatnet. Dette er det einaste fjellet i Jølster med bilveg rundt heile fjellet, og det er ei ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anne Cecilie Kapstad