Bli med til Grovanipa og få storslått utsyn!

Fellestur

Dato
15. august kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2020
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Vil du vere med på tur til eitt av dei mest fotograferte fjella i Jølster? Grovanipa vert kalla Grovanova lokalt, og ligg vakkert til i Kjøsnesfjorden. Fjellet har blitt beundra av mange turistar og andre forbifarande. Også kunstnaren Nikolai Astrup såg kor vakkert dette fjellet er, og har det med seg i fleire av sine kjende motiv.  

Om du likar dramatisk fjellutsikt i brelandskap, og synest det er kjekt å gå litt i motbakke, er dette ein tur for deg. Turen startar på Sægrov og passerer Sægrovstøylen. Frå starten av går vi i jamn stigning i kring 1000 høgdemeter opp mot toppen. Det er flott utsikt heile ruta opp. På Sægrovstøylen tek vi av og går "rett på" nipa opp ryggen. Frå toppen rundar vi sørover over Langeheia og går i retning mot Grovabreen, før vi så rundar ned att i dalføret som fører oss attende mot Sægrovstøylen igjen. Ved å gå rundturen sparar vi beine våre for dei verste bratte bakkane ned att, samtidig som vi får oppleve endå meir utsikt. 

Det er til vanleg relativt tørt og fint terreng å gå i, og vi passerer ingen luftige parti. Rundturen tek omlag 5-6 timar. Dette er ein godvêrstur. Turen vert mao. avlyst ved tåke og dårleg vêr. Om du vil lese meir om turen finn du ytterlegare informasjon og foto her: https://ut.no/turforslag/1111903/grovanipa-og-sgrovstylen-rundtur 

Oppmøte på Esso Førde kl 08.30 der dei som møter opp organiserer samkøyring til Vassenden. Her møter de turleiar ved det kvite servicebygget rett ved brua over elva Jølstra. Dei som vil møte på Vassenden kan gjere det til kl 08.50. Vi køyrer vidare langs Nikolai Astrups veg til Sægrov. Turgåarar som vil møte på Skei kan møte oss ved grendahuset som ligg ved Kjøsnesfjordbrua i svingen der vegen inn til Sægrov tek til (Grovavegen). Vi reknar med å vere her omlag kl 09.15-09.30 tida. Turen startar i eit gardstun, og det kan vere noko vanskeleg å finne parkering ved turstarten. Vi må rekne med å måtte bruke noko tid på å finne parkering, og unngå å vere til hinder for gardsdrift og anna arbeid i området. 

Turleiar er Anne Cecilie Kapstad (99 20 26 56) 

Bli med til Grovanipa og få storslått utsyn!

Vil du vere med på tur til eitt av dei mest fotograferte fjella i Jølster? Grovanipa vert kalla Grovanova lokalt, og ligg vakkert til i Kjøsnesfjorden. Fjellet har blitt beundra ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anne Cecilie Kapstad