7# Ungdomsklatring

Arrangement

Dato
8. desember kl. 20:00 - 22:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Arrangement, , Aktivitet Klatring
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Kjenner du ein ungdom, eller har du lyst til å prøve å klatre? Meld deg på her! Sogn og Fjordane Turlag har midlar frå prosjektet "Ung i Sunnfjord" og vil fortsette med ungdomsklatring i Førde, for å bidra til ein samla identitet for ungdom i nye Sunnfjord Kommune. 

Sundagar frå 27 oktober, tilogmed 15 desember (8 gonger) vert det ungdomsklatring i Sandhallen på Vie frå kl. 20:00 til kl. 22:00. Ungdomsklatring er eit tilbod for ungdom mellom 13 og 26 år, og det er gratis å delta. Arrangementet er eit samarbeid mellom DNT Ung Sogn og Fjordane og Indre Sunnfjord Turlag. 

Påmelding

Av sikkerheitsgrunnar og kapasitet i veggen vil det vere påmelding med 1 til 12 plassar for kvar gong. Det vert ikkje mogleg å melde seg på for heile perioden. Årsaka til dette er at turlaget ynskjer at flest mogleg skal få sjansen til å delta. I staden må deltakarane melde seg på kvar gong, og påmeldinga opnar kvar måndag i same veke som ungdomsklatringa.

Må eg har erfaring for å delta?

For å klatre åleine under ungdomsklatringa treng ein Brattkort - dette er eit bevis på at ein har tilstrekkeleg med kunnskap om klatring på topptau og led innandørs. For dei som ikkje har erfaring med klatring og ikkje har brattkort vert det instruktørar til stades som kan sikre dei som ynskjer å prøve seg.

Treng eg eige klatreutstyr?

Om ein ikkje har klatreutstyr stiller DNT ung Indre Sunnfjord med alt naudsynt utstyr for å klatre: klatresele, taubrems, klatretau og klatresko.

Har du ikkje brattkort?

Turlaget arrangerer jamleg brattkortkurs for ungdom, og det vil bli eit kurs i løpet av hausten. Følg med på facebook: "DNT ung Sogn og Fjordane", og på heimesida til fylkeslaget og Indre Sunnfjord Turlag

Kontaktinformasjon: