Rundtur til Høgenipa ved Kjøsnesfjorden

Fellestur

Dato
18. august kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Dette er ein flott rundtur med mykje utsikt til breane i Jølster samt dei majestetiske toppane rundt Kjøsnesfjorden. Sjølvsagt byr turen på noko av den beste utsikta du kan få til Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet i tillegg!

Vi startar med å gå på god og delvis steinlagt sti frå Dammen til Fossheimsstøylen. Idyllisk støylstomt med rennande vatn og små badekulpar rundt. Turen går vidare på god sti til Instebotnvatn, og vidare langs vatnet. Før vi startar stigningane må vi passere ei elv som renn utt i Instebotnvatn. Denne kan periodevis vere noko utfordrande å kome over. Vi må rekne med å måtte vade og vasse.

Frå vatnet går vi vidare i terrenget utan sti å følgje.  Her er det lyng og lett kupert terreng i bakkane oppover. Frå skaret og opp mot Høgenipa går vi fleire høgdemeter i relativt bratt terreng. Det er jamn bratt stigning heile vegen, men ingen luftige parti eller behov for klyving. Etterkvart som vi tek høgde oppover får vi stadig betre og betre utsikt. Når vi kjem opp på ryggen tek vi bonusruta med å gå nokre ekstra meter ytst på ryggen mot sør. Her får vi svært god utsikt over Kjøsnesfjorden og fjella kringom. Her i frå får vi òg sett vegen vidare innover ryggen mot Høgenipa og Skafonnfjellet.

Frå Høgenipa går vi i lett ryggterreng mot Skafonnfjellet. Vi får litt bakkar opp og ned langs ryggen, og har fantastisk flott utsikt heile vegen. På returen ser vi også ned att til Fossheimsdalen og Instebotnvatn der vi gikk opp. Frå Skafonnfjellet går vi mot nord mot Løkjabotsegga, og ned att til Fossheimsdalen og Dammen via Nyken. I dette partiet vil vi ha flott utsikt mot Jølstravatnet og solnedgangen her.

Dette er ein lang utsiktstur der delar av turen går i bratt terreng. Turen tek 6-8 timar og er 15 km lang. Gode sko, godt med klede (hugs vindjakke og hue), samt nistepakke og godt med drikke er lurt å ha med på tur. Det er mogeleg å fylle på flaskene med vatn ved elvepasseringa. Etter dette kan det vere lite vatn å finne.

 

Oppmøte på Esso i Førde kl 08.30. Her samkøyrer de til det kvite bygget ved brua over Jølstra på Vassenden. Her står turleiar kl 08.50. Dei som vil kan møte her direkte, eller ved Skei hotell kl. 09.30. Vi fyller opp bilane og køyrer skogsveg opp til Fossheimsdalen. Her deler vi på utgiftene til bom der dei tek Vipps. Turen vert avlyst ved dårleg vær, eller mykje vind. Turleiar kan kontaktast på 99 20 26 56. 

Rundtur til Høgenipa ved Kjøsnesfjorden

Dette er ein flott rundtur med mykje utsikt til breane i Jølster samt dei majestetiske toppane rundt Kjøsnesfjorden. Sjølvsagt byr turen på noko av den beste utsikta du kan få ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne Cecilie Kapstad
  • Tlf. 99 20 26 56