Svartepøyla - ei gøymd perle

Fellestur

Dato
27. juli kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Svarepøyla er ei litt gøymd perle inst i Naustdal kommune, og som det ikkje er så mange som har besøkt. Namnet står ikkje i stil til staden, då Svartepøyla er ei verkeleg perle. Her ligg det tre vatn etter kvarandre, Fremste, Midtre og Inste Svartepøylsvatna i ein svært idyllisk dal på ca 870 moh. Inste vatnet ligg rett under Blåfjellet, som er det høgste flellet i Naustdal kommune. I sør har ein Longevasstrandsegga som skil Svartepøyla og Longevatna der Longevasshytta ligg.

Turen startar ved parkeringsplassen ved Vonavatnet, der det blir båtskyss inn til Vona Gard. Frå Vona (500 moh) går ein på lett sti opp til Vonastølen, vidare i blandingsterreng (litt myr og småskog) opp til Varebakkane på ca 850 moh. Her er det god utsikt og passande med ein liten rastepause. Vidare i slak unnabakke skrålies innover til elvekryssing nord for Holebotssvatnet. Herifrå er terrenget lettgått i lett stigning oppatt på Tverrfjellet, der ein etter kvart får ei flott panoramautsikt over heile Svartepøyla. No går ein i lett skråning ned og inn til Midtre vatnet som blir turens endemål. Her tek vi ein god matpause og avslapping.

Om nokon vil sjå seg rundt og kanskje gå inn til Inste vatnet, vert det anledning til det, før vi vender heimover same ruta. Turen tek omlag trr timar ein veg i passeleg tempo, kanskje litt kortare tid heimatt. Vi bør møte ved Vonavatnet kl 9, då det går litt tid til båttransporten. Påmelding til tlf 46506022 (Ola Kringlen) eller 90190310 (Britt Kringlen)

Svartepøyla - ei gøymd perle

Svarepøyla er ei litt gøymd perle inst i Naustdal kommune, og som det ikkje er så mange som har besøkt. Namnet står ikkje i stil til staden, då Svartepøyla er ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Britt Kringlen
  • Ola Kringlen