BT Førde til dagsturhytta på Steinkorsen

Fellestur

Dato
16. juni kl. 10:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Indre Sunnfjord Turlag, Barnas Turlag Førde
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bli med til dagsturhytta i Naustdal  – Steinkorshytta! Hytta ligg på om lag 750 m.o.h, litt under fjelltoppen Steinkorsen og har flott utsikt! Turen er middels krevjande, 3 km kvar veg, og passar for born frå 5-6 år med noko gåerfaring. Turen går på god sti, er noko bratt i starten opp til Kringlestølen, men så flatar terrenget meir ut.

Felles avgang frå garden Kringla, om lag 3 km vest for Naustdal sentrum - på kring 300 moh.

Dagsturhytta ser vi eit par hundre meter frå toppen av Steinkorsen. Ta med mat og drikke og noko å sitte på. Noko vindtett er òg lurt å ha med seg.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Vel møtt til fin Barnas turlag-tur!

Turleiarar Steffen Ben Jonstad (tlf 91819568) og Sissel Flåm (99264780).

NB! Endra dato i høve til turprogrammet!

BT Førde til dagsturhytta på Steinkorsen

Bli med til dagsturhytta i Naustdal  – Steinkorshytta! Hytta ligg på om lag 750 m.o.h, litt under fjelltoppen Steinkorsen og har flott utsikt! Turen er middels krevjande, 3 km kvar veg, og ...

Kontaktinformasjon:

  • Ben Steffen Jonstad og Sissel Flåm
  • Tlf. 91819568 og 99264780