Helgatur til Sunnmørsalpane

Fellestur

Fra dato
14. juni kl. 16:00
Til dato
16. juni
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

I Sogn og Fjordane sitt turprogram står det planlagt tur til Barstadvika/Molladalen ei helg i juni, i programmet til IST er turen annonsert til august. Grunna tidlig vår i år, lite snø i fjellet og i tillegg lange lyse kveldar, har Jørund Volle og Lisbeth bestemt seg for å gjennomføre turen i juni, 14-16.

Vi reiser i privatbilar frå Førde fredag ettermiddag den 14.6. Overnatting på bøen til Jørund Volle i Barstadvik. Her overnattar vi i telt/lavvo eller hengekøye. Laurdag planlegg vi tur frå Vollane til Jønshornet (også kalla Ramoen). Ein god dagstur med litt spennande klyving i toppområdet. Flott tindetur 110-1419 moh i variert terreng, heile tida med fantastisk utsikt til toppar/tinder og fjord.

Er dette for lang tur, kan dei som ynskjer gå ein kortare tur til Festøykollen (Romestrandhornet), denne turen er godt merka frå Vollane og kan gåast utan turleiar/kjentmann. Denne toppen gir også fantastisk sikt over tinder og fjord.

Søndagen vert det kortare tur til ei av dei mange tinder som finst i området. Vi finn ei tind med flott sikt nedover Molladalen.

Meir informasjon får du qv Lisbeth Sommer, mobiltlf 95106030. Påmelding innan 10.6.

Helgatur til Sunnmørsalpane

I Sogn og Fjordane sitt turprogram står det planlagt tur til Barstadvika/Molladalen ei helg i juni, i programmet til IST er turen annonsert til august. Grunna tidlig vår i år, lite ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Lisbeth Sommer