Hausttur frå støl til støl på Vassenden

Fellestur

Dato
19. oktober kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Hausttur med litt formidling, der vi er innom to stølar med bratt stølsråk på Vassenden. Vi startar med å gå opp på Kjelsnesstøylen, for så å gå over Hamarsegga og vidare til to stølar som ligg tett i tett; Holestøylen og Hamarsbakkestøylen. På returen går vi ned att til garden Hamarsbakken, og følgjer asfaltvegen langs Jølstravatnet attende til turstart. 

Turen over Hammarsegga gir ei kjensle av høgfjell sjølv om vi er i låglandet. Flott utsikt over Jølstravatnet, og om vi er heldige vil terrenget ha mange flotte haustfargar.  Sidan det kan vere noko vått i terrenget mellom stølane er det lurt med tette og gode sko. 

Turleiar er godt kjend i området og har mykje kunnskap å formidle undervegs. Om vi er skikkelig heldige får ho med seg ein hjelpar som kan fortelje mykje om husa og gardsdrifta i området. Turen går uansett vêr.

Felleskøyring frå Esso i Førde kl 09.30., eller ved det kvite bygget ved brua over Jølstra på Vassenden kl 10.00. Turleiar møter dykk på Vassenden. Om de har spørsmål kan de ringe turleiar på 99 20 26 56.

Hausttur frå støl til støl på Vassenden

Hausttur med litt formidling, der vi er innom to stølar med bratt stølsråk på Vassenden. Vi startar med å gå opp på Kjelsnesstøylen, for så å gå over Hamarsegga og ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anne Cecilie Kapstad