Kvamshesten og Lisjehesten

Fellestur

Dato
14. juli kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

I turprogrammet er denne turen sett opp til laurdag 13.7, men må flyttast til søndag 14.7.

Indre Sunnfjord Turlag planlegg denne dagen rundtur til Hestane. Møt på Esso i Førde klokka 08.30. Vi startar frå Stølshaugane og går via Kårstadstølen og opp Tomasskaret, dette er bratt og relativ lite brukt, men heilt ukomplisert rute om vêret er bra. Ved usikre meldingar kan rutevalet opp bli endra. Kvamshesten, også kalla Storehesten, var tidligare lite brukt som turmål, men etter ”Storehesten opp” og god merking til toppen tek fleire tusen turen opp til denne majestetiske toppen kvar sommar. I godt vêr er utsynet frå toppen fantastisk frå havet i vest til mange kjende og kjære toppar og mange brear innan synsranda.

Nedturen frå Kvamshesten vert planlagt via austeggja, kan på avstand virke ekstrem, men om ein ikkje har spesielle problem med høgde, er dette ein heilt ukomplisert retur.

Er du nøgd med ein topp denne dagen, kan du følgje t-merka rute i retur til Stølshaugane. Eg håpar mange vil gå vidare til Lisjehesten, den er lite brukt som turmål, men har minst like fantastisk utsikt som storebror. Utsikta mot Kvamshesten vert utruleg når ein nett har gått der. Frå høgda av Lisjehesten er det flott utsikt nedover Førdefjorden og vestover, elles ser vi dei same toppane og breane som vi såg frå Kvamshesten. Heim frå Lisjehesten går vi bratt ned ei lita skår på nordsida av fjellet (her er lagt ut tau). Vi rundar foten av Lisjehesten og går mot Yndestadstølen. På stølen kjem vi inn på den merkte T-ruta frå ”hav til bre”. Ruta her gir oss eit flott tilbakeblikk mot dei toppane vi har vitja denne dagen. Turen vidare går ned omkring Kvamsstølen, derifrå til Kårstadstølen og tilbake til bilane på Stølshaugane. Forventa turtid ca. 10 timar inkl. mat, drikke og badepausar.

Fantastisk rundtur i logoen til Indre Sunnfjord Turlag.

Kvamshesten og Lisjehesten

I turprogrammet er denne turen sett opp til laurdag 13.7, men må flyttast til søndag 14.7. Indre Sunnfjord Turlag planlegg denne dagen rundtur til Hestane. Møt på Esso i Førde klokka ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Lisbeth Sommer