Nattskituren 2019

Fellestur

Fra dato
31. mai kl. 17:00
Til dato
1. juni
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Nattskituren går frå Flatbrehytta i Fjærland til Gjerde i Jostedalen. Turdeltakarane må sjølve syte for transport til parkeringsplassen i Fjærland og opp til Flatbrehytta. Flatbrehytta ligg på 1000 m.o.h. Avgang frå Flatbrehytta fredag kveld 31.5. kl 17.00.

Første etappe er opp til Supphellenipa, 1731 m.o.h., då går vi opp Flatbreen. Etter ein stopp der på ca. 30-40 min. går vi neste etappe til Bings gryte, dette partiet er stort sett flatt, litt nedrenn til Bings gryte. Der er vi ca. kl 24.00, mørkaste tida på natta. Neste etappe går vi mot Ramnane og soloppgangen ca. kl 02-03.00. På Ramnane tar vi ein kvil på ca. 2 timar.

Etter kvilen renn vi ned under Kvitekoll før vi tar til på lett stigning opp mot Høgste breakulen 1957 m.o.h. Herifrå er det nedover til Steinmannen og så framover Hauganosi til Haugavarden på 1359 m.o.h. Herifrå må ein rekne med å måtte bere skia. Siste delen av turen er på sti ned til Gjerde. Vi reknar med å vere framme på Gjerde ca kl 15.00 på laurdag. Buss frå Gjerde kl 15.30 tilbake til Fjærland.

Praktiske opplysningar:

Turen opp frå parkeringsplassen i Fjærland til Flatbrehytta tar ca. 2 ½ t. Fint å spare energien til ein lang tur.

Vi må utstyre oss som for ein vintertur, varme kle, og mat og drikke til heile turen og litt som kan gje ekstra energi som nøtter, sjokolade, rosiner m.m. Drikke, min. 1 ½ liter. Vatn kan fyllast i nærleiken av Flatbrehytta. Er er vi heldige, er det vatn på veg opp frå Flatbreen. Alle må ha med seg sovepose som ei sikring, vi brukar  den og i pausen. Viktig med solbriller på siste delen av turen. Skia må ha skismurning, Av erfaring går det lettast innover breen. Tynt lag med skareklister i botnen og universalklister oppå, eller raudklister. Vert snøen tørrare kan det leggast tørrvoks utanpå. Undervegs tar vi drikkepausar, fint om alle tar justering av utstyr og kle på desse stoppa, då vil turen få ei fin framdrift for alle. Hugs å ha med plaster for gnagsår (compeed).

Påmelding:

Turavgift: DNT-medlem 1200,- kr  Ikkje medlem i DNT 1500,-

Turen går ikkje i dårleg vêr, vêrmeldinga torsdag kveld er avgjerande for om det blir tur eller ikkje.

Turleiarar er Kjell Kleiven og Per Tore Meier 99242772/41505600.

Nattskituren 2019

Nattskituren går frå Flatbrehytta i Fjærland til Gjerde i Jostedalen. Turdeltakarane må sjølve syte for transport til parkeringsplassen i Fjærland og opp til Flatbrehytta. Flatbrehytta ligg på 1000 m.o.h. Avgang frå Flatbrehytta ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Kleiven og Per Tore Meier
  • Tlf. 99242772/41505600

Turledere:

  • Per Tore Meier
  • Kjell Kleiven