Ungdomsklatring

Dette arrangementet er over! Men fortvil ikke, arrangementet har alternative datoer som du kan delta på.

Har du lyst til å byrje og klatre?

Sogn og Fjordane Turlag har fått midlar frå prosjektet "Ung i Sunnfjord" til å starte opp ungdomsklatring i Førde, for å bidra til en samla identitet for ungdom i nye Sunnfjord Kommune. 

 

Nokre sundagar før sumaren frå kl. 19:00 til kl. 21:00 arrangerer DNT ung Sogn og Fjordane i samarbeide med Indre Sunnfjord ungdomsklatring i Sandhallen på Vie. Ungdomsklatring er eit tilbod for ungdom mellom 13 og 26år, og det er gratis å delta.

 

For å klatre åleine treng du Brattkort - dette er eit bevis på at ein har tilstrekkeleg med kunnskap om klatring på topptau og led innandørs. For dei som ikkje har erfaring med klatring og ikkje har brattkort vert det instruktørar til stades som kan sikre dei som ynskjer å prøve seg.

 

Utstyr: Om du ikkje har klatreutstyr stiller DNT ung Indre Sunnfjord med alt naudsynt utstyr: klatresele, taubrems, klatretau og klatresko.

 

Har du ikkje brattkort? Turlaget arrangerer jamnleg brattkortkurs for ungdom. Følg med på facebook: DNT ung Sogn og Fjordane eller DNT ung Indre Sunnfjord, samt på heimesida til Sogn og Fjordane Turlag og Indre Sunnfjord Turlag.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med, Jette Bergfjord, Sogn og Fjordane Turlag.

Mobil: 41 64 91 99
E-post: jette.bergfjord@dnt.no

 

Kontaktinformasjon: