NB! Skituren til Blegja er avlyst

Fellestur

Dato
28. april kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Mangel på snø gjer at den tradisjonsrike skituren til Blegja må avlysast i år.

Dermed gjekk det slik turleiaren frykta då turen vart annonsert:

- Som turleiar for skituren til Blegja føler eg litt på presset, seier Dag Tore Mjåseth. Med så lite snø og knallvêr no om dagen burde vi ha tatt turen tidlegare enn det som er planlagt, men slik vart det no.
 

Han var på Blegja laurdag 6. april for å sjekke forholda.

- Det ser bra ut frå nye dagsturhytta i Gaular. Eg kunne ta på skia midt mellom den og Kårstadstølen.

-Vi møtest på Best-stasjonen i Bygstad kl 08.30, der vi kanskje kan samkøyrast litt meir til Kårstadfjellet. Vi startar frå parkeringa ca kl 09.00, tar skia i sekken og går på beina til dagsturhytta, turen dit tar litt under ein time. Derifrå og ut skal det vere bra skiforhold, og eg reknar med å bruke rundt fire timar ut til toppen. Er det stilt og fint blir det opp mot ein time lunsj, rast og foto på toppen av Blegja. Returen tilbake går noko kjappare, slik at vi totalt sett brukar 8-10 timar av dagen i godvêret, seier Dag Tore.

Han har planar om å ta turen oppom dagsturhytta nokre dagar før turen for å å sjekke forholda ein gong til for å vere sikker.
 

NB! Skituren til Blegja er avlyst

Mangel på snø gjer at den tradisjonsrike skituren til Blegja må avlysast i år. Dermed gjekk det slik turleiaren frykta då turen vart annonsert: - Som turleiar for skituren til ...

Kontaktinformasjon:

  • Dag Tore Mjåseth
  • Tlf. 91896443

Turleder:

  • Dag Tore Mjåseth