Friluftsskule i Askvoll

Arrangement

Fra dato
24. juni kl. 09:00
Til dato
26. juni kl. 14:00
Passer spesielt for
Barn, Ungdom
Turtyper
Arrangement, Dnt-Skolefri, Topptur, Sykkel, Fisking, Bading, Leik, Havkajakk
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Måndag 24. juni - onsdag 26. juni arrangerer IST v/ ung gruppa i Askvoll friluftsskule for elevar som går i 5. - 8. klasse (dette skuleåret). Friluftsskulen vert i Bulandet. Avreise med ferje kl. 09.15 frå Askvoll til Værlandet, og vidare på sykkel til Bulandet. Retur frå Værlandet med ferje kl. 12.45 onsdag. Ankomst Askvoll kl. 14.00. 

Vi skal ha base v/ Floren til Liv Turid Gjørøy i Bulandet. Overnatting i telt / lavvo. I Floraen har vi opphaldsrom, kjøkken, toalett og spisebord. 

I løpet av desse 3 dagane skal vi sykle, fiske, gå turar, padle kajakk, bade, tur på Alden, lage mat og sosialt samvær. 

Spesifikk informasjon om utstyr og opplegg for dei enkelte dagane vert tilsendt deltakarane i forkant. Maks antall er 30 barn / ungdommar. 

Påmeldingssummen dekkjer: transport m/ ferje og turen til Alden, overnatting, mat og opphaldsrom. Ein må ha med lunsj sjølv til første dagen. 

Friluftsskule i Askvoll

Måndag 24. juni - onsdag 26. juni arrangerer IST v/ ung gruppa i Askvoll friluftsskule for elevar som går i 5. - 8. klasse (dette skuleåret). Friluftsskulen vert i Bulandet. ...

Kontaktinformasjon: