NB! AVLYST! Skitur til Gjegnen/Blånibba

Fellestur

Dato
5. mai kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Arrangører
Indre Sunnfjord Turlag, Keipen Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turleiar Svenn Petter Kjerpeset melder fredag ettermiddag at turen må avlysast.

Søndag 5. mai inviterer Keipen Turlag og Indre Sunnfjord til skitur til Gjegnen/Blånibba (1670 moh).

Oppmøtestad: Ålfoten vegkryss. Denne turen har påmelding.  Maks 20 personar.

Påmelding: Bruk elektronisk påmelding eller mobil 95 74 85 26 (Morten)

Turleiarar: Svenn-Petter Kjerpeset og Morten Haugum

Dei seks første kilometrane av turen går på anleggsveg frå Yksenelvane kraftverk til enden av Storevatnet der oppstigninga tek til.

Den første lia er bratt. Deretter er det eit flatt parti langs eit vatn mot Eikenes-hytta under Gjegnen. Herifrå er det ein nytt bratt parti til ein kjem opp til flata mot Kringsjåvatnet. Då er det slutt på skogen, men vi går gjennom ein del krattskog til der vi går inn på fjellet. Her er ei fantastisk fin utsikt mot Skarvevatnet, og mot Gjegnen, Bukkenibba 1520 moh, Kårnyken og Isane, fortel Svenn Petter Kjerpeset i Keipen Turlag.

Blir vêret like fint som på turen i fjor, blir deltakarane løna med spektakulær utsikt frå toppen av Gjegnen/Blånib: Alden i vest, Jostedalsbreen, Myklebustbreen i søraust, Ålfotbreen, Bukkenibba Hjelmen, Keipen, Plogen, Haukåbøra i vest og Sunnmørsalpane i nord. 

Turen tek om lag ni timar tur/retur.

NB! AVLYST! Skitur til Gjegnen/Blånibba

Turleiar Svenn Petter Kjerpeset melder fredag ettermiddag at turen må avlysast. Søndag 5. mai inviterer Keipen Turlag og Indre Sunnfjord til skitur til Gjegnen/Blånibba (1670 moh). Oppmøtestad: Ålfoten vegkryss. Denne ...

Kontaktinformasjon:

  • Svenn Petter Kjerpeset
  • Tlf. 95898565

Turleder:

  • Svenn Petter Kjerpeset