7-fjellsturen i Naustdal

Fellestur

Dato
30. mai kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Parkering og start på Sanden i Naustdal. Bratt opp til toppen av VINDKJEGLA (688 moh). Vidare mot Fjellsenden og så oppover mot dagsturhytta Steinkorshytta som ligg ca 300 meter sør for toppen av STEINKORSEN (762 moh). Ved dagsturhytta kan det passe med ein lengre pause.

Frå Steinkorsen fortset vi slakt vestover mot BLÅFJELLET 791 moh). Her er turen sitt vestlegast punkt. Herifrå går vi same vegen tilbake og klyv opp til toppen av BYGDAHAUGEN (777 moh) . Frå Bygdahaugen fortset vi same vegen austover før vi svingar av den merka stien og går opp mot ØRNEHAMRANE (712 moh). Lengre pause her?

Frå Ørnehamrane kryssar vi «Hulda» og går mot SKEISKNAUSEN (726 moh). Frå Skeisknausen dreiar vi sørover og kjem til siste toppen som er LIAFJELLET (622 moh). Frå Liafjellet går vi nedover og hamnar etter kvart på skogsveg og følgjer den ned til skogsbilvegen Solsidevegen. Vi går Solsidevegen vestover til Naustdalslia og går kommunal veg ned til Sanden i Naustdal sentrum.

Det er godt mogeleg å gå delar av turen dersom ein ikkje ynskjer å gå heile turen.   

Lengde målt på kart er litt over 22 km. Tid 7-9 timar inklusiv pauser?  Lettgått terreng når ein har kome seg opp på Vindkjegla.

7-fjellsturen i Naustdal

Parkering og start på Sanden i Naustdal. Bratt opp til toppen av VINDKJEGLA (688 moh). Vidare mot Fjellsenden og så oppover mot dagsturhytta Steinkorshytta som ligg ca 300 meter sør ...

Kontaktinformasjon:

  • Henning Malones og Gunnar Naustdal
  • Tlf. 97987128

Turledere:

  • Henning Malones
  • Gunnar Naustdal