Til Austlendingen i Nordhordland

Fellestur

Dato
16. juni kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Søndag 16. juni inviterer IST på dagstur til fjellheimen mellom Osterfjorden og Sogn.Målet for turen er fjellet Austlendingen (812moh) i Lindås kommune.

Turen startar i Andåskrysset der vi parkerer bilane. Dette er eit par hundre meter vest for Eikefettunellen på E39, i krysset mot Austfjordvegen.

Dei aller fleste har nok mange turar gjennom Eikefettunellen på veg til eller fra Bergen/ Førde. Denne dagen skal vi ta turen til høgste punktet over tunellen.

Vi kryssar vegen og tar oss bratt opp den første lia, før vi kryssar elva like over Stegafossen, som stuper ned mot E39. Det er godt merka sti heile vegen på denne turen, med nokre bratte parti i starten. Etter kvart flatar det ut bortover mot toppen. Vel oppe får vi eit flott utsyn over Nordhordland og kystlinja i vest.

Dette er ein godvêrstur som er kjekkast å ta i klarvêr og god sikt. Alternativt vil vi ta turen til Nord-Kvingesætrane om vêret vil det slik.

Turen startar kl 12.00 frå Andåskrysset. Vi vil gå i roleg tempo og set derfor av 5 timar til turen, som er om lag 8 km lang.

Avreise fra Førde kl 09.45 slik at ein når ferja kl 10.50 frå Lavik.

 

For dei som er interesserte så finn de også turen omtala i boka «Opptur Hordaland».

 

For spørsmål og påmelding kontakt turleiar Geir Andvik, tlf 99530156.»

Til Austlendingen i Nordhordland

Søndag 16. juni inviterer IST på dagstur til fjellheimen mellom Osterfjorden og Sogn.Målet for turen er fjellet Austlendingen (812moh) i Lindås kommune. Turen startar i Andåskrysset der vi parkerer bilane. ...

Kontaktinformasjon:

  • Geir Andvik
  • Tlf. 99530156

Turleder:

  • Geir Andvik