Jubileum for 7-fjellsturen i Førde

Fellestur

Dato
15. juni kl. 07:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Laurdag 15.06 er det igjen klart for Indre Sunnfjord Turlag sin 7-Fjellstur i fjella rundt Førde.

I år er det 25. året for denne styrkeprøva. Talet på deltakarar har auka jamt og trutt gjennom åra. Dei første åra, frå 1994 og utover låg deltakartalet som regel ikkje på meir enn 10-12 stk, men etter som åra har gått har fleire og fleire tatt steget og meldt seg på denne lange og seige turen.

Heile turen er ca 37 km, 2700 høgdemeter opp og 3000 høgdemeter ned, og tar mellom 13 og 14 timar.

Har du ikkje gått turen før kan dette vere året å prøve, det kan bli ei spennande reise over dei 7 fjell. Med feiring av 25-årsjubileum kan det dukke opp overraskelsar av ymse slag undervegs.

Det er oppmøte på Esso i Førde, og fellestransport med buss. Bussen går kl 07.00 derifrå, og til Nordheia/Vasslia.

Avgang Vasslia kl 07.30. Vi går først til Fureviknipa, og vidare til Skinnbroka, og Fauskevarden. Deretter går turen vidare nedover til Flotevatnet, og innover og opp på Halbrendsnipa. Frå Halbrendsnipa tar vi oss ned til Kalsetvatnet, og bortover til Bekkjevatnet, her tar vi den første lange pausen, ca ein halv time.

Etter pausen startar vi oppstigninga til Hafstadfjellet. Frå toppen vidare ned til Bruland, og langs E39 innover til hengebrua, som går over elva Jølstra. Då er vi komne til Soleide, der vi tar ein ny lang matpuse før oppstigniga til Viefjellet.

Frå toppen av Viefjellet går vi innover høgdene og ned i Flugedalen, og vidare til Ryggjabrua, her tar vi oss tid til ein god pause før vi startar på oppstigninga til Førdsnipa. På Hjellestølen, ca halvegs til toppen, organiserer vi oss og tar fellesbilde.

Når vi då endeleg når toppen av Førdnipa, gjenstår det å ta seg ned til Grovene, der det forhåpentlegvis ventar ein bil som kan ta oss tilbake til Esso-stasjonen.                                                         

På heile denne turen brukar vi som regel 13 til 14 timar, det kjem litt an på vêr, føre, og talet på  deltakarar.

Turavgift er kr, 100.

Jubileum for 7-fjellsturen i Førde

Laurdag 15.06 er det igjen klart for Indre Sunnfjord Turlag sin 7-Fjellstur i fjella rundt Førde. I år er det 25. året for denne styrkeprøva. Talet på deltakarar har auka ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Kleiven
  • Tlf. 99242772

Turleder:

  • Kjell Kleiven