Blåfjellet, Trollet og Sølvet i Jølster 

Fellestur

Dato
22. juni kl. 07:45 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Denne ryggturen startar på Nedrebø på Ålhus, og tek oss inn i det vestlegaste alpine terrenget i Jølster. Etter kvart som vi stig opp ryggen frå Nedrebø mot Blåfjellet, Trollet og Sølvet (og Kvitsvornipa) får vi gradvis betre og betre utsikt over Jølstravatnet og dei bratte fjellsidene som kransar rundt Nedrebødalen.

Det er lett og fint terreng å gå i på store delar av ryggen, men vi må rekne med å gå i noko stein/ur. Turen har kring 900-1000 høgdemeter med stigning, og tek ca 5-6 timar. 

Pga. utfordringar med å finne grover og bekkar undervegs er det viktig å ha med godt med drikke. Sidan området kan vere noko vindutsett enkelte dagar bør du ha med varme klede, vindjakke, hue og hanskar. 

Oppmøte på Esso i Førde kl. 08.30. Turdeltakarane samlar seg i bilar der og samkøyrer til Coop på Vassenden, der turleiar Anne Cecilie Kapstad står klar kl 08.50. 

Blåfjellet, Trollet og Sølvet i Jølster 

Denne ryggturen startar på Nedrebø på Ålhus, og tek oss inn i det vestlegaste alpine terrenget i Jølster. Etter kvart som vi stig opp ryggen frå Nedrebø mot Blåfjellet, Trollet ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anne Cecilie Kapstad