Hålandsnipa

Fellestur

Dato
11. august kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Dette arrangementet er over!

Oppmøte kl. 09.00 på parkeringsplassen v/Hydro og felles køyring opp til Håland. Det er eit avgrensa tal bilar som kan parkere der oppe. Start frå Håland kl. 09.15.

Vi går opp Hålandslia på merka sti og opp på Eggja. Etter kvart som vi kjem oppover og over skoggrensa, får vi fint utsyn over Høyanger.  Frå Eggja går vi på skrå oppover mot Halsen, høgaste punktet på turen på 981 m.

Sjølve Hålandsnipa ligg på 821 m, så her blir det nedoverbakke til vi kjem heilt ned på Nipa og kan nyte utsikten.

På returen går vi  ned til stølane i Botnen, men i staden for å følgje grusvegen ned att, går vi ein ”snarveg” på austsida av Saueskolten og kjem ned att på fyllinga litt bortanfor vegbommen til Breidalen.

Vi følgjer så grusvegen ein knapp kilometer,  til vi kjem til eit skilt merka Håland. Der går det sti på skrå ned lia, og vi følgjer denne ned att til Håland.

Turen tek om lag 6 – 7 timar.

Kontaktinformasjon:

  • Ingunn Kandal
  • Tlf. 464 77 723

Turleder:

  • Ingunn Kandal