Høgare kjem du ikkje i Førde

Fellestur

Dato
18. april kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Skjærtorsdag 18.april går den tradisjonsrike turen frå Dvergsdalsdalen i Jølster til Grovabreen.  Felles avreise frå Esso i Førde kl. 9 og frå skihytta i Dvergsdalsdalen  kl. 10.

Med ski på beina går kursen oppover mot Stølsnova før vi endrar retning sørover mot Salseggja og brekanten. I  fleire år har vi på denne turen opplevd å møte ein stor reinsflokk i dette området.  Kanskje skjer det i år og?  

Etter ein litt bratt bakke opp brekanten går det slakt innover mot brekulen og høgste punktet i Førde kommune, 1586 meter over havet. Vi har då hatt ei stigning på vel 1000 meter.

Turen ned igjen går ned Fagredalen med moglegheiter for flotte renn  tilbake til utgangspunktet.  

Hugs varme kle – vi skal i høgfjellet.  Dette er ein tur som passar like godt for vanlege fjellski som randonneski. Turen tek ca. 6 timar i roleg tempo og passar for dei fleste som har vore på ski nokre gonger tidlegare.

Ta med skredutstyr om du har det. Turlaget har litt utstyr som vi deler ut ved turstart

Turavgift kr. 100/50.

Asle Veien ( 97055203 ) er turleiar.

Høgare kjem du ikkje i Førde

Skjærtorsdag 18.april går den tradisjonsrike turen frå Dvergsdalsdalen i Jølster til Grovabreen.  Felles avreise frå Esso i Førde kl. 9 og frå skihytta i Dvergsdalsdalen  kl. 10. Med ski på beina går kursen oppover mot ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Asle Veien