NB! AVLYST! Angedalen - Sandane

Fellestur

Fra dato
17. august kl. 07:30
Til dato
18. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB! Denne turen er avlyst på grunn av dårlege vêrmeldingar og få påmelde.

Endra frå oppsett dato i turpogram turen går 17-18 august 2019

Avreise frå Esso i Førde laurdag 17.08. kl 07.30, tilbake i Førde søndag kveld ca kl 18.00.

Turen startar frå Botnen inst i Angedalen og går innover på nordsida over til Kupefjellet, 1287 moh, og vidare innover fjellrekka.

Vi må ned i Gotdalsskaret før vi tar oss opp på Grønlifjellet, turens høgaste punkt, 1385 moh. Vidare går vi innover høgdedraget mot Litlebottsegga, før ein sving ned mot Longevasshytta. Denne etappen er godt 20 km lang.

Viss du synest det er for langt å gå frå Angedalen kan du gå ein kortare tur til Longevasshytta på laurdag og bli med på søndagens tur til Sandane.

Søndag startar turen ca kl 09 frå hytta og går gjennom Blådalen til Fagredalsreset, Bjørnasteinen, og etter kvart kjem vi fram i Langedalen. Frå Fitjestøylen går turen over Indre Skaret og Fitjevårstøylen. Turen frå Longevasshytta til Fitjevårstøylen er ca. 15 km.

Her er mange fine plassar undervegs, men det er ein forholdsvis lang tur. Det gjeld å ta pausar og nyte utsikta og drikke og ete godt undervegs.

På grunn av transportbehov er det påmelding til denne turen seinast onsdag 07.08.

Pris for medlem 600 kr, ikkje medlem 800,.- Studentpris: medlem 500, ikkje medlem 600.

 Det dekker overnatting  og  transport.

NB! AVLYST! Angedalen - Sandane

NB! Denne turen er avlyst på grunn av dårlege vêrmeldingar og få påmelde. Endra frå oppsett dato i turpogram turen går 17-18 august 2019 Avreise frå Esso i Førde laurdag ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell-Arne Hjellbrekke