NB! Avlyst! Til Porten i Hyllestad

Fellestur

Dato
22. juni kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB! På grunn av dårlege vêrmeldingar blir denne turen avlyst i denne omgang.

Tur frå Hovland til Porten lørdag 22. juni 2019. 

Turen startar frå Hovland i Lifjorden. Vi går opp Hovlandsstien, der folket i Lifjorden førde husdyra til stølane på fjellet. Det brattaste partiet er delvis oppmurt slik at også storfe kunne gå der. Vi følger merka rute over Grønskorfjellet med fin utsikt til dei høgaste toppane på Lifjellet; Risnesnipa og Gygrekjeften.

Lenger vest går vi gjennom lune dalar med fiskevatn og furuskog. Vi går innom Portestølen og tek ein avstikkar til Høgeheia 575 moh., og får flott utsikt mot havet i vest, Solund og Askvoll.

Turen går videre til garden Porten som ligg ved Storakersundet. Her får vi sjå eit levande kulturlandskap som er opparbeidd gjennom generasjonar.

Vi tek gode pausar undervegs, og avsluttar med kaffipause på tunet i Porten. Så blir det båtskyss tilbake til Lifjorden.

Det er bindande påmelding. Max antal påmelde er 48 med ein pris på 200,-/ 150,-for medlem

og 250,-/200,- for vaksne/ barn.

Her er påmeldingsfristen 18. juni 20.00.

NB! Avlyst! Til Porten i Hyllestad

NB! På grunn av dårlege vêrmeldingar blir denne turen avlyst i denne omgang. Tur frå Hovland til Porten lørdag 22. juni 2019.  Turen startar frå Hovland i Lifjorden. Vi går ...

Kontaktinformasjon:

  • Reidun Porten
  • Tlf. 91648614