Vinterveka i Instedalen

Arrangement

Fra dato
18. februar kl. 08:00
Til dato
22. februar
Passer spesielt for
Barn
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Vinterveke for born og ungdom i veke 8 (vinterferieveka) 18. - 22. februar 2019 i Instedalen Skianlegg i Naustdal.

Aktivitetar: Gå og renne på ski, hundekøyring, skiskyting, bygge og forme med snø og is, fyre bål og lage mat, overnatting ute, tur i skogen, topptur. Ei god blanding av organiserte og frie aktivitetar.

Dagsplan: 08.00 – 10.00: Frammøte i klubbhuset for dei som treng å kome tidleg. 10.00 – 12.00: Aktivitetar. 12.00 – 13.00: Servering av varm mat. 13.00 – 14.30: Aktivitetar. 14.30: Servering av frukt. 15.00: Slutt for dagen

Pris: Heil veke (5 dagar): 800 kr. Pr. dag 200 kr. 30 % rabatt for søsken. For kven? Alle frå og med 1. klasse til og med 10. klasse!

Med mange deltakarar vert det ei barnegruppe og ei ungdomsgruppe. Vi set opp transport frå Naustdal sentrum kvar morgon og retur etter avslutning. Påmelding til: Janne Lykkebø Svorstøl, E-post: jannels@live.no - mobil 952 24 703 innan 4. februar. Opplys alder, mobiltlf,. allergiar, behov for transport og tal dagar.

Vinterveka i Instedalen

Vinterveke for born og ungdom i veke 8 (vinterferieveka) 18. - 22. februar 2019 i Instedalen Skianlegg i Naustdal. Aktivitetar: Gå og renne på ski, hundekøyring, skiskyting, bygge og forme ...