Opplev utsynet frå Vora

Fellestur

Dato
20. juli kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Ein tur til Vora i Breim (1435 moh) er bra langt til å vere ein lokal topptur Så vi må reiser frå ESSO I FØRDE KL 8.(Avgang Strand ca kl9) Det er bratt dei første par timane, og råsa er ikkje nett nokon autostrada.

Men turen som er over skoggrensa, er spektakulær. Her kan du sjå Jostedalsbreen, Snønipa, Sunnmørsfjella, Gjegnenmassivet m.m., og ikkje minst dei vakre bygdene kring fjellet.

Vi startar denne gongen på Strand ved Bergheimsvatnet. Dei første par timane opp til ca 800 moh går  vi på ein veldig bratt og på middels dårleg, men merka sti. Deretter er det grei oppstigning i retning Nonselvvatnet og flott tur over mot "Voraspissen" der heksene ifylgje folketrua hadde samlingsstad i gamle dagar. Turen er bra merka og varda.

Dette er ein tur ein bør ha med seg!

Opplev utsynet frå Vora

Ein tur til Vora i Breim (1435 moh) er bra langt til å vere ein lokal topptur Så vi må reiser frå ESSO I FØRDE KL 8.(Avgang Strand ca kl9) Det er bratt dei ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell-Arne Hjellbrekke
  • Tlf. 95827976

Turleder:

  • Kjell-Arne Hjellbrekke